Haralds hjørne: Pils på bordet då meieriet åpna
Ja, godtfolk, så er me komme til meieriet sin opprinnelse på Faaberget. I gamle dagar var det to naust og ein rauden som smukka Faaberget.
Av Harald Faa
FINNØY: Først kom ostalageret, eit flott bygg. Der var murarar, røyrleggjarar, elektrikarar og andre arbeidarar, alle var dei i sving.
Ein dag i 1958 stod det klart til å ta i mot mjølkeleverandørane. Eg var så heldig å vera den første leverandør. Gjedrem tok i mot mine spann, og tømte blei dei.
Kven som var den siste leverandør er ikkje godt å sei for då var all mjølk på
tank. Men alt har ein ende, som middagspølsa me fekk på årsmøtet!
Meieriet blei nedlagt, den bestemmelsen kom frå Oslo. Dagen hugsar eg, det var ein stor skuffelse for alle som jobba der. Eg har ofte tenkt på meieribestyrar Gjedrem, som hadde lagt ned eit stort arbeid.
Tilbake til innvielsen av meieriet, noko som tok si tid. Ein måtte dela det opp i grupper, alltid ein søndag før middag. Først østsida av Finnøy, så vestsida og så Reilstad. Deretter Fogn og øyane omkring.
Først var vi ein snartur rundt i meieriet til orientering. Så opp på ostalageret der det var stellt til ein festsal med langbord. Serveringa her bestod av is, brus og pilsnerøl.
Gjedrem ønska alle velkommne og ba folk forsyna seg. Det var mange som sjegla etter pilsen, motet mangla, for dei kunne ikkje godt drikka øl midt på blanke formiddagen.
Det hadde så mykje å sei kven du sat ved sida av samt dei på andre sida av bordet. Det kunne bli folkesnakk. Ein vågelege tok ei ølflaska, med alle
auger på seg. Stakkar, det var ikkje greit.
Han Njål såg etter at alt var på bordet. Når festen var slutt, fekk Njål spørsmål av dei som hadde lyst på øl, om det var råd å få ei flaska med heim? Fleire fekk øl, ja til og med to.
Heime i hagen kunne dei kosa seg, det gjorde ingen ting om naboen såg, han koste seg og med si ølflaska frå meieriet.
Før gjestene forlot meieriet, fekk dei ein gratis tur rundt Finnøy i mjølkebilen.
Store mengder vatn har rent i havet siden den gong. Mange med fast arbeid, det er berre det, mange av dei har gått bort!
Harald