Slim`en og Eggebø Spanne passa saman som hånd i hanske

Svanhild Eggebø Spanne og Eric "Slim" Zahl fann tydelegvis godfoten under felleskonserten i Kulturteltet på Judaberg onsdag kveld.

Eric «Slim» Zahl og Svanhild Eggebø Spanne fann tonen under konserten.
Publisert:

FINNØY: Dei to artistane såg ut til å kosa seg på scena framfor eit lydhøyrt publikum.

Blant høgdepunkta under konserten var Erik Byes "Vår beste dag".
Den i utganspunktet vakre sangen, blei heva til nye høgder av Slim'en sitt eminente gitarspel og Svanhild Eggebø Spanne sin utrykksfulle stemme.

Dei framførte også eit par songar av finnøybuen Leif Arild Steen, Doilly Parton og Alf Prøysen.

Eric "Slim" Zahl var så begeistra for songstemmen til Eggebø Spanne, at han ba publikum gi henne ein ekstra applaus. Noko som dei frammøtte var meir enn villig til å gi.

Det var eit lydhøyrt publikum i Kulturteltet på Judaberg.

Svanhild Eggebø Spanne og Eric "Slim" Zahl har møtt kvarandre før, under forestillinga "Haugespor".

-Det er veldig stas å opptre saman, seier Svanhild Eggebø Spanne til Øyposten.

Erik "Slim" Zahl syntes det er både ei "ære og ei glede" å få opptre saman med Eggebø Spanne.

-Eg synes ho syng heillt fantastisk. Eg har idear om vidare samarbeid, og eg trur ho eg klar for det, seier Eric "Slim" Zahl.

Reaksjonane frå publikum etter konserten var også veldig positiv.

-Det var ein kjepefin konsert, veldig flott, seier Turid og Ståle Madland frå Finnøy. Aud Kalstveit, som også er frå Finnøy, og Johnny Schotting syntes også det var ei fin konsertoppleving.

-Heilt supert, seier Aud Kalstveit.

-Kjempefin konsert, meiner Turid og Ståle Madland.
-Heilt supert, synes Aud Kalstveit, her saman med Johnny Schotting.