Einaste kvinne som fiska i øyane: - Ei grepa dame

At Hjørdis Skår frå Helgøysund var «sjefen» ombord i fiskeskøyta «Svanå», det var det ingen tvil om.

Knut og Hjørdis Skår dreiv småfiske i øyane. Her saman med Olav Talgø på kaien.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Ivar Stang frå Finnøy har passsert 80, og har vore fiskar i heile sitt vaksne liv. Alt som 16-åring blei han innskriven i fiskarmantalet.

Ivar Stang stikk innom Øyposten for å fortelja litt om «ei grepa dame», Hjørdis Skår. Ho var den einaste kvinna som fiska i øyane på 50- og 60-talet.

-Eg hugsar veldig godt Hjørdis og mannen Knut, fortel Ivar Stang.

Hjørdis kom frå ein stor søskenflokk på 10, og vaks opp på eit lite gardsbruk på Tjul i Sjernarøyane. Slike småbruk var det mange av på den tida, kor folk livberga seg som fiskarbønder. I 1953 gifta ho seg med Knut Skår frå Nord-Talgje.

Debuterte som fiskar som 18-åring

Det blir fortalt om Hjørdis at ho alt som 18-åring kasta etter makrell. Åleine. Det var med andre ord ei kvinne med tak i.

-Ja, eg har også høyrt den historia, seier Stang.

Ivar Stang var ofte på Halsnøy og leverte fisk til fiskemotttaket til Johannes Ørnes på Skartveit. Det var eit samlingspunkt for fiskarar i området, kor mange lokale fiskarar kom for å levera fangsten sin.

-Det var sikkert eit 10-tals fiskarar som leverte fisken sin på Skartveit. Foldøy’en frå Nesheim, Jon Eike frå Bjergøy, fleire frå Helgøysund, frå Finnøy og Nedstrand, minnest Ivar Stang.

«Svanå» med kista til far til Knut Skår ombord, Søren Skår.

Leverte til Ørnes på Skartveit

Hjørdis og Knut Skår fiska mykje pigghå, både i Fisterfjorden og ved Vignesholmane. Pigghåen leverte dei på Skartveit, og derifrå gjekk han via Rogaland Fiskesalgslag til England til fish & chips.

Om vinteren var det torskefiske det gjekk på, også det med garn.

-Hjørdis var ein veldig god fiskar, det var ho som var sjefen ombord. Eg hugsar godt ho hang ut styrehuset og ga mannen beskjed om kva han skulle gjera, seier Ivar Stang.

Men Hjørdis hadde også humor, og Stang hugsar godt ein episode på Skartveit. Hjørdis hadde vore oppe og proviantert, det var litt surt i lufta og mennene på kaien blei enige om at nå var det tid å ta helg. For det var fredag.

Garna fiskar ikkje på dekk

-Nei, sa Hjørdis.

-Garna fiskar ikkje på dekk, slo ho fast.

-Nå ser de korleis eg har det, replisserte Knut med glimt i auga.

Skøyta dei fiska med var «Svanå», som nå er til restaurering på Ryfylke Trebåtbyggeri. I vekene budde dei ombord i skøyta, og låg gjerne i Vignesholmane eller ved kai ved marmobrotet på Nord-Talgje.

Eit betydeleg økonomisk løft for ekteparet var det då «Svanå» fekk ny motor.

-Høyr den lyden, det er som ein symaskin, sa Hjørdis stolt. Men ikkje lenge etterpå stoppa motoren, og Rødne måtte ta «Svanå» under slep heim til Helgøysund.

Som følgesvein ombord hadde dei alltid katten med seg.

-Eg hadde inntrykk av at Knut og Hjørdis jobba godt i lag, dei var som eit radarpar, seier Ivar Stang.

Under restaurering på Finnøy

«Svanå» var bygd i 1918, og skøyta er nå i trygge hender i trebåtbyggeriet til Jørn Flesjå på Finnøy.

Kostnadane med å restaurera skøyta vil vippa tre millionar kroner, og håpet er at ho kan koma på sjøen igjen ein gong etter sommaren. Rogaland fylkeskommune pluss Riksantikvaren og Rødne finansierer arbeidet.

Det er ivrige sjeler bak foreninga «Frender av Svanå», som står bak restaureringa. Det er 55 medlemmer med i vennelaget, og skøyta skal liggja på Nedstrand. Planen er å bruka henne på turar til glede for små og store.

«Svanå» er under restaurering i Ryfylke Trebåtbyggeri.