Pilegrimsbøn i Utstein kloster
Kvar dag fram til 13.august inviterer Utstein kloster til pilegrimsbøn.
Når kyrkjeklokkene ringer klokka 1300 inviterast publikum inn til ei vandring i det historiske kyrkjerommet. 10 minutt seinare er arrangementet over.
Det blir orgelmusikk og ei kort liturgisk pilegrimsbøn. Dei som ønskjer kan tenna lys og skriva eit ønskje som blir lagt i bønekrukka.
Det er MUST - Museum Stavanger som arrangerer pilegrimsbønene.