Dette skjer på biblioteka i vinterferien

I vinterferien kan store og små nyte godt av filmsyningar og førestillingar.

  • Iris Elin Ullvang
Publisert: Publisert:
(Arkivfoto): Rebecca Egeland ved Rennesøy folkebibliotek inviterer små og store til bygdekino og høgtopplesing, med meir, i vinterferien.

FINNØY/RENNESØY:

– Me skal vise film kvar dag i vinterferien. Bortsett frå lørdagen, då blir det ei danseførestilling for barn frå tre år og oppover, fortel leiar ved Finnøy bibliotek, Merete Meling Kindingstad.,

Danseførestillinga heiter «Tjuvlåner'n».

https://www.oyposten.no/2022/01/19/bilblioteka-i-finnoy-og-rennesoy-desse-bokene-var-mest-populaere-i-fjor/

Filmar for store og små

– Tysdag og torsdag blir det vist heile fire filmer per dag. Det blir filmar for dei små og litt større barna, og nokre for ungdom og vaksne.

Opplegget starter allereie frå laurdag 26. februar med Karsten og Petra på vinterferie (2014). I løpet av veka kan du blant anna se Jakta på snømonsteret (2017), Lotte og dragejakten (2019), The little mermaid (2018), og De usedvanlige (2019), med meir.

Leiar Merete Meling Kindingstad inviterer store og små til Finnøy bibliotek i vinterferien.

Bygdekino med fersk kinofilm

Rennesøy bibliotek starter vinterferien med det dei kallar Barnas kulturlaurdag, laurdag 26. februar. Også her blir det denne helga filmframsyning av Karsten og Petra på vinterferie, opplyser bibliotek-leiar Rebecca Egeland.

Mandagen starter dei veka godt med Bygdekino med Syng 2 (2021) frå klokka 18, etterfulgt av den splitter nye filmen Marry me (2022).

Videre blir det fleire kjekke filmframsyningar i løpet av ferien.

Tirsdagen blir det bokopplesing av Rebecca, kor ho skal lese frå Jakob og Neikob og hobbyverkstad.

– Kom og mal på handlenett, lag din eigen «Junk journal» eller bli betre kjent med andre av bibliotekets tilbod, seier Egeland.

Også på Rennesøy kan ein få med seg danseførestillinga «Tjuvlåner'n», laurdag 5. mars.

Filmane som vises på biblioteka har varierande visningstider og aldersgrenser.