Sjå kven som var på festival i Helgøysund

Sankthansaften ga ein pangstart for Helgøysundfestivalen.

Denne gjengen frå Ombo gjer klar telta fredag ettermiddag og er klare for to døgn med festival; f.v. Morten Rørheim, Martin Vestersjø, Hanne Aukland, Mina Maribu, Vegard Vestersjø Landsnes og Tonje Bergeland Hageland.
Publisert:

Gunnar Andersen frå Tre Busserulls fekk opp stemninga i partyteltet og langs kaikanten i Helgøysund Marina fredag.

– Det blei ein heilt suveren kveld. Så vanvitig kjekt at så mange fantastiske folk fant vegen, seier festivalsjef Daniel Nedrebø Gjertsen til Øyposten dagen derpå.

Festivalsjef Daniel Nedrebø Gjertsen fekk så godt som fullt hus under første dag av Helgøysundfestivalen.

Han tippar at mellom 230 og 240 menneske var innom portane.

To døgn til ende

Øyposten var med under oppladinga. Fredag ettermiddag trefte me ein frisk gjeng frå Ombo som heldt på å slå opp telt på eit nyslått jorde i ruseleavstand frå festivalarenaen.

– Forventningane til festivalen er 110 prosent. Busserulls og Pakkers er heilt topp, seier Vegard Vestersjø Landsnes.

Morten Rørheim hamrar ned ein teltplugg medan Vegard Vestersjø Landsnes og Martin Vestersjø (t.h.) kvalitetssikrar.

Dei har med øl frå Joker Ombo, som gjer at ølet er ekstra godt, fortel dei.

– Når blir det nattero her på campen?

– Det blir i halv titida søndag kveld, seier Vestersjø Landsnes.

Allsong i sommarnatta

Gunnar Andersen syng om sjøfolk, oljearbeidarar, plommer og øl.

– Nå skal eg ta ein inderleg kjærleikssong, seier Andersen og dreg opp «Øl, øl og mere øl.».

«Det e å bli min store kjærlighet.»

Gunnar Andersen frå Tre Busserulls har mykje å ause av frå eit langt artistliv.

Sjølv skålar han i vatn på flaske.

– Eg elskar å spele for fulle folk – og då meiner eg folk som er fulle av liv og energi, seier han spøkefullt.

Frå plattingen rundt scenen der det fredag blei god stemning.

Stemninga er høg. Folk kosar seg og det blir allsong ut i den lyse sommarnatta. Nokre prøvar å danse på den relativt fullpakka plattingen kring scenen.

Ulike farkostar

Nokre låg i telt. Nokre kom med bubil og andre med båt, i tillegg til dei som har hus eller hytte i nærleiken.

– Me kom med båt torsdag og blir til søndag, seier Marit Helland frå Ormøy, ei av byøyane.

Dei kjem frå byen og har lagt seg til med båt for helga i Helgøysund Marina; f.v. Marit Helland, Inge Jonassen, Pål Reidar Cederstrøm og Marlen Vildalen.

Dei er samla ein gjeng på kaikanten i marinaen og ladar opp til konserten.

– Me likar oss godt her. Me kjenner oss som heime her, seier Helland.

Helgøysundfestivalen held fram laurdag med bandet Pakkers Trio. Musikken dei spelar blir skildra som ekte sjømannsrock.

Kart som viser Helgøysund Marina:

Publisert: