Kulturhus Meieriet melder om enormt oppsving – utseld revy og fredag er det quiz og ølkveld
Det slitne kulturhuset i Vikevåg fekk det blytungt under koronaen, men nå har det losna.
Under overskrifta «En ny vår for kultur på øyene» skriv styret i Rennesøy Kulturhus Meieriet AL dette i ei pressemelding:
«Med en helt ny profil, nytt billettsystem og god hjelp innen sosiale medier og innholdsproduksjon, har Meieriet opplevd en enorm oppsving i billettsalget.»
– Sidan i fjor haust har me seld billettar for over 600.000 kroner, som har vore nok til å dekke utgifter, seier styreleiar Andreas Kjølleberg i andelslaget som driv kulturhuset i Vikevåg:
– Alt arbeidet styret gjer, gjer me på dugnad. Me har berre eitt mål, at store og små skal få eit godt kulturliv i kommunedelen vår. At me ikkje alltid må reise til byen viss me vil ut ein kveld og ha det kjekt.
Fredag 20. og laurdag 21. oktober er det lokalrevy med Revylaget Amatøren, og dei to førestillingane er allereie utselde med 320 seter kvar kveld. Revylaget har møte i kveld, måndag 25. september, for å avgjere om dei skal sette opp ei ekstraframsyning, får Øyposten opplyst.
Førstkomande fredag, fredag 29. september, prøvar Meieriet ut eit nytt konsept med quiz og ølkveld. Bryggmeisteren frå Ryger Brygghus held foredrag om øl medan publikum får smake på ulike øltypar. Quizmaster Bård Ove Håland syter for å halde hovuda skjerpa gjennom kvelden, står det i reklamen.
– Eg vil berre oppfordre dei som sit på gjerdet om å hoppe ned og bestille billettar. Viss folk blir flinkare til å bestille, blir det mykje lettare for oss som skal arrangere, seier Kjølleberg.
Folk kan i utgangspunktet vere frå ein til fem personar på kvart lag, men kjem det tre par som vil kose seg med quiz og øl i lag, er ikkje arrangørane vanskelege. Dei tre beste laga blir premierte.
Sjå detaljar på nettsida til Kulturhus Meieriet
Elles i haust kjem Sola Storband for å spele musikk frå Blues Brothers og det blir lova både julekonsert og Stand-up-kveld.