Fredag 20. og laurdag 21. oktober spelar revylaget i Rennesøy den første lokalrevyen i øyane på fem år. Revyen har fått namnet «Ska det ver någe mer, før me stenge?»

Først var planen å spele to førestillingar, ei fredag og ei laurdag, men på rekordtid blei alle 640 billettar selde ut. Nå har revylaget bestemt seg for å setje opp ei ekstraframsyning laurdag ettermiddag.

– Å få så bra respons er utruleg kjekt. Det er nesten litt uverkeleg, seier Linda Brimse i Revylaget Amatøren.

– Me er glade for å kunne tilby ei ekstra førestilling, legg ho til med full støtte frå resten av laget.

Revylaget Amatøren sel seg mykje på sitt gode namn og rykte, men i år har dei òg fått drahjelp frå det lokale reklamebyrået Ryklame. Ryklame fekk «amatørane» til å tenke «big» gjennom å kjøpe 15 sekund reklameplass på ein av dei enorme lysskjermane på Times Square i New York.

– Me tar han alltid litt for langt, seier Tom Egill Tobiassen i Ryklame spøkefullt.

Han fortel at kven som helst kan kjøpe reklameplass på Times Square via nettet. Kor mykje det kosta, vil han ikkje ut med.

– Det var nok ingen i New York som kjøpte billett til Kulturhus Meieriet etter at dei så denne reklamen, men for ein marknadsførar er det ein draum å reklamerer der.

Blest kan skapast på så mange måtar, og det blei nå til denne videoen på YouTube: