FINNØY:

– Hæ, skal dei legge ned, spør finnøybuen Berit Vangen overraska.,

Ho var på kafèen på fredag med tre venninner, som alle blei overraska over å høyre at den skulle stenge.

– Det er veldig leit, og på så kort tid, seier Vangen.

Grunnen er at matkonseptet til Frode Selvaag og Arne Brimi skal lanseras i barnehagar i utlandet.

Dermed valte Ryfylkekokken å ikkje fornya kontrakten med kommunen for å fortsette drifta av kafèen på Innbyggartorget på Judarberg.

https://www.oyposten.no/2021/10/01/ryfylkekokken-og-arne-brimi-sitt-konsept-blir-globalt/

Lager nytt konsept

Men, det blir nok likevel kafè på Innbyggartorget. I ein eller anna form.

Stavanger kommune prøver å få på plass eit nytt alternativ så snart det er mogleg. Dei skal lysa ut ein anbudskonkurranse for eventuell ny tilbydar, samstundes som dei går gjennom forrige kontrakt for å sjå om det er noko som må endras.

– Me jobbar med saka. Me prøver å få inn ein ny tilbydar på lang sikt. På kort sikt jobbar me med eit spanande konsept me har kalla «Drop-in kafè», som me ynskjer å testa ut. Meir informasjon kjem når konseptet er klart for lansering,

 seier Rita Lindås som er innbyggartorgkoordinator på Finnøy, til Øyposten.

Ein «Drop-in kafè» vil i dette eksempelet bety at dei vil ha forskjellige tilbydarar som driv kafèen i korte periodar.

– Me ønsker svært gjerne å ha en kafè for alle innbyggarane her. Me prøver elles å tenke litt kreativt, seier Maiken Saxeide Offerdal som er avdelingssjef for innbyggerdialog.

Serina Nessa (f.v.) frå Finnøy og Anna Serina Nes og Kari-Anne Nes frå Ombo, synes det er leit at kafèen forsvinn. – Det er veldig koseleg her, eg veit at stamgjestene har satt pris på staden, seier Nessa. Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Landahuset består

Cathrine og Frode Selvaag skal fortsatt driva Landahuset på Finnøy, samt konsulentoppdrag, med meir. Men kafèen som har vore open sidan i fjor haust, er det altså slutt på, for deira del.

Ryfylkekokken sluttar også med catering- og bakerivirksomheit frå nyttår.

– Me gler oss til å levera gode matopplevelser i kafeen fram til stenging. Og til å ta imot gjester på Landahuset i tida fram mot jul. Mat og måltidsopplevelse vil alltid vera viktig for oss.