FINNØY:

– Hittil har me barnehagar i Sverige, Hong Kong, Dubai, Sør-Afrika, Tyskland, Finland, Latvia, også videre, fortel Ryfylkekokken Frode Selvaag, til Øyposten.

I matkonseptet er fokuset på kortreist, heimelaga og sunn mat. No får Selvaag også lagt inn ein innsats for dette i utlandet. Noko av det viktigaste for barn i vekst er jo nettopp mat.

– Mat og barn er ei hjartesak for meg, og når denne muligheiten dukka opp kunne eg ikkje sei nei, seier Ryfylkekokken.

Deler mattradisjoner

2022 blir starten på noko nytt, og teamet i Ryfylkekokken er godt i gong med å forbereda,og tilpassa seg til den nye kvardagen frå årsskiftet.

Ryfylkekokken Frode Selvaag gler seg til nye utfordringar. Foto: FOTO: Elin Engelsvoll

Målet er ikkje berre at barna skal bli glad i mat; dei skal også oppleva gleden av å spise den saman med andre.

– Her handlar det mykje om god mat og gode råvarer, men aller mest om all læringa eit skikkeleg måltid kan gi, alt frå tilberedning til nytelse og oppryddinga etterpå.

Samarbeidet er mellom Læringsverkstedet og Dibber, sistnemnde står for kjøp av barnehagane i utlandet. «Et godt måltid» skal vera med å forma forholdet til mat, basert på matkulturen som allereie er til stades i det enkelte land.

Han meiner det er svært viktig å skapa entusiasme om mat frå ein ung alder, og å dele kunnskap om korleis en gjer nettopp dette.

– Å laga mat og jobba med barn, og ikkje minst starta ein samtale om kor maten kjem frå, er noko av det kjekkaste eg veit. Eg gler meg veldig, seier den profilerte kokken.

Avslutter kafèdrifta

Samstundes tar Ryfylkekokken nokre grep for å tilpassa aktivitetsnivået fram til årsskiftet. Han og Cathrine Selvaag kjem fortsatt til å driva Landahuset på Finnøy, samt konsulentoppdrag, men kaféen på Innbyggertorget på Judaberg avsluttes frå 15.oktober.

Ryfylkekokken vil også vera ein del av St.13 i Stavanger sentrum med kurskjøkken og

eventar. Samarbeidet med Ryfylke Livsgnist om arrangement fortsetter, og han er også,kveiteprodusenten Sterling White Halibut sin offisielle Sterling Chef framover.

– Eg bidrar vidare med kurs, og frå Landahuset kjem det produkter under eigen merkevare, foredla av råvarer frå Ryfylke.

Ryfylkekokken rundar også av catering- og bakerivirksomheiten frå nyttår.