Veit du om eit 17. mai-program som manglar i samlinga vår, så send til bladstova@oyposten.no.

Sjå sida med alle 17. mai-programma

Frå sjølve dagen vil me gjerne ha inn bilder frå ulike kantar av Finnøy og Rennesøy kommunedelar. Send til bladstova@oyposten.no.

Av profilerte 17. mai-talarar utanfrå noterer me at fylkesordførar Ole Ueland kjem til Mastrahallen på Mosterøy klokka 13.00, medan statsforvaltar Bent Høie kjem til Fleirbrukshallen på Finnøy rett etter klokka 13.45.

Værvarselet er det aller beste. Som det ser ut skal det bli sol heile dagen, over 20 grader i skuggen og svak vind i øyane fredag 17. mai.

Værvarsel for fredag 17. mai på Finnøy. Foto: Yr.no