– Me skal rett og slett prøve ut strikkekino, fortel Rosland til Øyposten:

– Det har vore prøvd ut andre stader, og har vore populært, så no vil me starte opp med dette på Finnøy. Første gong blir på Finnøy bibliotek på tysdag, og då skal me syne filmen «Britt-Marie var her».

Ho legg til at sjølve arrangementet vil starte klokka 19, men at det den første timen blir kafé med sal av kaffi og bakst, og sjølvsagt mykje drøs.

– Filmen startar klokka 20, så det er heilt fint om du kjem seinare enn 19 om dette passar betre med båtar, seier ho.

Vanlegvis har Kaihuset tradisjon for å arrangere strikkekafé og biblioteket har ofte kino. No prøver dei altså å kombinere desse to konsepta.

– Strikkekaféen vår er veldig populær, fortel ho:

– Rundt 22 deltek. Nokre reiser heilt frå Rennesøy, og det har til og med vore nokon her frå Sandnes. Det er eit lågterskeltilbod, ein møtestad der ein strengt tatt ikkje må vere flink til å strikke. Kanskje har du garn og pinnar med deg og kan få hjelp av nokon som kan dette, men i blant kan du også kome berre for drøset. Det er ingen krav om at du må strikke for å bli med.

Det er plass til mange på loftet i Kaihuset.

– Har du ikkje vore med tidlegare, er du likevel velkomen både på kaféane og strikkekino, avsluttar ho.