Avtalen er på plass: Bjerga varmar opp for Amatøren
Rune Bjerga varmar opp for Revylaget Amatøren laurdag 21. oktober.
Då er det banka at stand-up-komikar Rune Bjerga dreg i gong publikum for Revylaget Amatøren, som gjenyting for at Amatøren gjorde det same for Bjerga under Rennesøydagen tidlegare i haust.
Bjerga skriv dette i ein e-post til Øyposten laurdag:
«Det er min tur tiI å gi tilbake! Jeg varmer selvsagt opp for Revylaget Amatøren lørdag 21. oktober kl: 16:00 på Rennesøy. På min regning. Gledes!»
Ideen starta som ein spøk på Facebook, der amatørane utfordra proffen Bjerga etter at lokalrevyen i Vikevåg hadde blitt fronta med reklame på Times Square i New York.
Revylaget har framleis ein del ledige billettar igjen til ekstraforestillinga laurdag 21. oktober klokka 16, der det altså blir ein ekstra bonus til dei som møter opp.