Har opne lunsjmøte i heile haustferien
Kvar dag i haustferien neste veke blir det eit lite program på Finnøy innbyggartorg.
– Me veit at det er utfordrande å flytte til Finnøy utan å ha eit nettverk her frå før, seier koordinator Oddvar Vignes i Finnøy innbyggartorg.
– Innbyggartorget er allereie ein samlingsplass, men me har plass til meir aktivitet og me ønskjer å gjere noko meir ut av det, legg han til.
I haustferien frå måndag 9. til fredag 13. oktober blir det eit ope lunsjmøte kvar dag i kafeen på innbyggartorget med enkel servering og ein liten presentasjon av ein aktør i øysamfunnet.
Frivilligheit og arbeidsliv
Tysdag 10. oktober er verdsdagen for psykisk helse, som er noko av bakgrunnen for innbyggartorget si satsing. Samtidig er det haustferie for skulane.
– Det er ikkje alle som reiser på haustferie. Eit alternativ kan vere å stikke innom oss for ein god drøs og for å høyre litt om kva som finnast av frivilligheit og arbeidsliv i Finnøy, seier Vignes.
Lunsjprogrammet varar frå klokka 11 til 13 kvar dag med eit kort foredrag klokka 12. Aktørane som presenterer seg er desse:
- Måndag: Finnøy frivilligsentral
- Tysdag: Finnøy bondelag
- Onsdag: Stavanger kommune
- Torsdag: Finnøy og Rennesøy landbrukstenester
- Fredag: Finnøy idrettslag
Møte mellom menneske
Finnøy frivilligsentral har som motto å skape møte mellom menneske, og dei gjer allereie ein heil del.
– Blant anna arrangerer me ein torsdag i månaden ein tur med kulturelt innhald og med eit felles måltid i etterkant, seier leiar Ragnhild Valand i Finnøy frivilligsentral:
– Dette er eit samarbeid mellom frivilligsentralane i Finnøy, Rennesøy og Sola. Kven som vil kan melde seg på.
Lurar du på kva som finnast av foreiningar i Finnøy, kan du sjå på Finnøy frivilligsentral sine nettsider.