Ryfylke Livsgnist har trekt seg frå byjubiléet

 Ryfylke Livsgnist har trekt seg frå deltakinga i 900 års-jubiléet for Stavanger.

-Me hadde ikkje kapasitet til dette, seier Tor Øyvind Skeiseid.
Publisert: Publisert:

FINNØY: Ryfylke Livsgnist skulle delta med prosjektet "Dei fem årstidene! - mellomaldersuset over by og ryfylkeøyar".

Det skulle vera musikalske og hisoriske spel knytta til kvar av dei fem middelalderkyrkjene i kommunen: Hesby, Talgje, Sørbø, Utstein og Domkyrkja.

Nå er det klart at Ryfylke Livsgnist likevel ikkje blir med.

-Me sa frå oss oppdraget alt i mai i fjor. Me hadde kort og godt ikkje kapasitet til å gjennomføra det, me er også blitt ein person mindre i staben vår, opplyser leiar i Ryfylke Livsgnist, Tor Øyvind Skeiseid til Øyposten.

Prosjektleiar Lena Antonius

Prosjektleiar for byjubiléet, Lena Antonius beklagar at Ryfylke Livsgnist sa frå seg oppdraget.

-Det var eit godt prosjekt, men me har full forståelse for at ein liten stab ikkje har kapasitet til å gjennomføra det. Me skulle gjerne hatt dei med, og døra står framleis åpen for dei, seier Lena Antonius.