Etter mange år som frislivskoordinator i Finnøy gir Oddny Kjølvik (t.v) stafettpinnen vidare til Gøril Ekeland. Jørgen Møllerop frå Helsehuset er ansvarleg for stillinga.

FINNØY/RENNESØY:

Til sommaren flytter Gøril Ekeland og familien inn i nybygd hus på Nesagjerdet.,

– Eg har alltid likt å jobba med førebyggande arbeid og livsstilsendring, og gjerne i grupper. Difor ser eg fram til å kunne hjelpa innbyggarane i Finnøy og Rennesøy med dette.

Stillinga som Ekeland tek over etter Oddny Kjølvik, ligg under Helsehuset i Stavanger, og skal brukast på ulike former for helsefremjande og førebyggande tenester i Finnøy og Rennesøy.

Meir enn turgrupper

– Eg veit mange automatisk tenker på turgruppene i Teigen når dei høyrer ordet frisklivsrettleiar. Det er sjølvsagt heilt rett, men stillinga er meir enn det.

– Turgruppene er viktige og betyr mykje for mange så dei vil eg fortsetta med, men det er også rom for andre tilbod alt etter kva behov som finns. Det kan vera både individuell oppfylging eller det kan vera gruppebasert, forklarer Ekeland.

Tanken med å ha ein frisklivsrettleiar på Finnøy og Rennesøy er å kunne gi eit tilbod lokalt, dersom vegen til Helsehuset blir for lang.

– Det kan godt tenkast at oppfylginga vil skje i kombinasjon med Helsehuset, for erfaringar viser at det kan vera nyttig å ha lokal forankring. Me kjem til å jobba saman med frivillige lag og organisasjonar for såleis å nytta ressursane best mogleg. Akkurat kva det betyr i praksis veit eg ikkje ennå, men det vil visa seg når eg byrjar jobba. Det er nok litt slik at vegen blir til mens ein går, forklarer ho.

https://www.oyposten.no/2021/09/11/trimgjengen-i-teigen-far-ny-leiar/

Gradvis oppstart

Ekeland er rett kvinne for jobben, meiner Jørgen Møllerop, leiar for avdelinga for helsefremjing og meistring ved Helsehuset i kommunen.

– Når Kjølvik fyrst gir seg etter mange år i stillinga, har me fått ein god arvtakar. Det er alltid ein fordel med lokalkunnskap, å kjenna til folket og kulturen. Denne stillinga er eit viktig bidrag til å nå målet om å levera gode tenester til alle, uavhengig av kor ein bur.

Frå no av skal dei få til ei gradvis overlapping mellom dei to, heilt til Ekeland overtar for fullt.

– Fyrst og fremst skal me syta for å vidareføra dei tilboda som har fungert svært så godt i mange år. Samtidig er det viktig at me alltid ser på kva moglegheiter som finns for å vidareutvikla tenestene våre i tråd med nye krav og behov i befolkninga. Denne stillinga, saman med tenestetilbodet på Helsehuset, skal bidra til at innbyggarane i Finnøy og Rennesøy skal få god støtte til å endra levevanar og meistra helseutfordringar, seier Møllerop.