Havet er damstilt, og i eit bedageleg tempo tøffar gamle Sunnhordaland inn mot gamle Judaberg kai. Røyken frå skorsteinen ligg som eit slør etter båten, og på kaia står eit knippe finnøybuar klar for å ta i mot ho. Denne veka skal nemleg kulturbåten Sunnhordaland tøffa rundt til ulike kaiar i Ryfylkebassenget for å visa fram eit utruleg breitt spekter av kultur-Norge.

Programmet var nemleg fullstappa av noko for ein kvar smak. Borna kunne få vera med Elias på tur, dei vaksne kunne høyra på fjordabåt-historikar Jone Laugaland. Det var utekino på eit gigantisk lerret både for born og vaksne, det var konsert med den folkekjære artisten Stein Torleif Bjella, det var skrekkfilm-spesial og fleire utstillingar.

«Smokk», landgangen var nede og borna klar. Det heile starta på Judaberg klokka 12.00, med Hans og Grete-dukketeater. Her var heile 55 born og vaksne til stades for å oppleva Regine Erler sin fortellarkunst, og alle storkosa seg. Etter dette var ferdig, hoppa borna på Elias-båten, som farta rundt småbåthavna i Judaberg med entusiastiske ungar om bord.

- Denne båten har eg sett mykje på film tidlegare, men den mangla lysa på sidene i dag. Det gjekk ikkje så fort, men elles var det som eg hadde trudd, fortel Samuel Skogrand som lova å fortelja dei andre barna i barnehagen kva han hadde gjort neste gong han trefte dei.

Bjella-konsert

Gjennom ei heil veke skulle båten til både Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sauda, Rennesøy og Finnøy, og alle som skulle opptre var med båten heile veka. Blant dei var den populære artisten og Spellemannpris-vinnar Stein Torleif Bjella, som hadde med seg bassist Eirik Øien på båten. Han skulle spela ein times konsert, kvar kveld heile veka, og gleda seg stort.

- Dette blir nytt, spanande og eksotisk, og eg håper det dukkar opp litt folk, seier han.

- Korleis er det å farta rundt med ein såpass gamal båt?

- Eg må seia at eg fekk roen allereie i dag tidleg. Båten har ei utruleg historie, og folka og maten er veldig god. Eg trur nok aldri eg har gjort noko liknande tidlegare, innrømma Bjella.

Arrangementa rundt kulturbåten vert avslutta med Pirates of the Caribbean på ein 12x9 meter storskjerm ved det gamle meiriet, seint i kveld.

Les meir frå kulturbåten i torsdagens papirutgåve.