Amatøren nesten utseld

Skal du få med deg lokalrevyen i Vikevåg til helga begynnar det å haste.

Frå øving til «Ska det ver någe mer, før me stenge?».
Publisert: Publisert:

– Nå har me snautt 60 ledige billettar igjen til ekstraframsyninga laurdag. Dei to andre framsyningane er utselde, seier Jørgen Dyrseth i Revylaget Amatøren:

– Då er det litt farleg å tenke at ein får kjøpt billett i døra. Folk bør bestille på førehand.

Til ekstraframsyninga laurdag klokka 16.00 får revylaget som tidlegare nemnt profesjonell hjelp til oppvarminga frå standup komikar Rune Bjerga. Han la tysdag ut denne meldinga på Facebook:

«Og status er at nå på lørdag gleder jeg meg STORT til å varme opp for lokalrevyen på Rennesøy! Og dette beviser også at media har makt! Også verdens største minste avis, Øyposten!»

Det var Øyposten som ringte Bjerga og utfordra han på om han verkeleg ville varme opp for lokalrevylaget på Rennesøy. Og slik ser det ut til å bli.

Lokalrevy i øyane er ei storhending, særleg når det er fem år sidan sist.

– Me har full gjennomgang med band i kveld, og full gjennomgang med band i morgon kveld. Me gjer det me kan for å vere klar til premieren fredag, seier Dyreseth onsdag ettermiddag.

Billettar blir selde på heimesida til Rennesøy Kulturhus Meieriet.

Publisert: