Unik utstilling på Utstein Kloster
Har du høyrt om Flora Danica, planteverket eller serviset?
- Oddbjørg Måland
Viss ikkje har du sjansen no.
Flora Danica er kanskje verdas mest kjente botaniske planteverk. Det blei utgitt i som oppslagsverk i København frå 1761 til 1883. Målet var å beskriva og avbilda alle kjente planter i kongerika Danmark og Norge. I planteverket finn ein koparstikk av planter frå Utstein.
For fiffen
I 1781 kom direktøren i Den Kongelige Porcelainsfabrik, Johan Theodor Holmskjold, med ideen om å produsera eit eksklusivt servise basert på Flora Danica planteverk.
Ni år seinare bestemt den danske regjeringa, etter ideen frå Holmskjold, at eit porselensserviset skulle forærast Katarina den store av Russland.
Då keisarinna døyde i 1796 var det ferdigstilt 2528 servisedeler, men det mangla framleis rundt 180 delar. Det danske hoffet gav då beskjed om å utvida serviset til 100 kuvertar. Få år etter gjekk det det ut ein kongeleg ordre om å stoppa produksjonen av serviset.
Flora Danica serviset blei første gong brukt i Kronprins Frederiks bursdag i 1803. Sidan den gong har serviset blitt sett på bordet berre ved heilt spesielle og historiske anledningar i Det kongelege slott. Sist på Dronning Margrethe sitt regjeringsjubileum i januar 2022. Ingen andre danske servise kan skilta med ein så lang historie og vore dedikert til fleire historiske måltid enn Flora Danica.
Svindyrt
I dag står serviset på Rosenborg slott i København, som er eit kulturhistorisk museum.
Nye deler av serviset med plantar frå Utstein, vert produserast framleis, men billeg er det ikkje.
Flora Danica serviset er eit av dei mest eksklusive og berre for dei med velfylte lommebøker. Den dyraste servisedelen i dag er isklokka til astronomiske 284 500 norske kroner.
På Utstein kloster kan du no sjå utstillinga om det kongelege botaniske verket Flora Danica samt delar av serviset.