FINNØY/RENNESØY:

Koronapandemien mange trudde me skulle bli kvitt, har framleis prega oss, også i året som nå er historie. Men, det finnes mange lysglimt og fine øyeblikk her og der.,

Me spurde nokre av dei finnøy- og rennesøybuane som gjer seg bemerka i nærområdet, korleis dette året har vore. Både om opp- og nedturar.

Spørsmåla var:

1. Korleis har 2021 vore for deg?

2. Kva har vore det mest utfordrande med året?

3. Kva har vore det beste med dette året?,

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp). Foto: FOTO: Iris Elin Ullvang

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken

– 2021 har vore eit spennande og utfordrande år. Ingen dager er like i den jobben eg har.

– Det har vore utfordrande med pandemien.

– Eg fekk to barnebarn i 2021, fortel Sunnanå Hausken.

Hanna Skartveit er truleg den einaste rektoren i Finnøy med doktorgrad. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Hanna Skartveit, rektor, Ombo oppvekstsenter

– Året har vore krevjande og spennande.

– Me kjøpte og pussa opp eit gammalt hus på Fogn.

– Det same som på spørsmål nummer to, seier Skartveit.

Terje Øvrebø, leiar, Rennesøy kommunedelsutval

Leiar av Rennesøy kommunedelsutval, Terje Øvrebø (Sp). Foto: FOTO: Terese Torgersen

– 2021 har hatt sine opp- og nedturer. Sidan me for to år sidan måtte slutte med mink produksjonen, har me hatt det tøft økonomisk. Me har ikkje fått erstatning og kan derfor ikkje begynne med ny produksjon. Dette tærer på humøret og me begynner å bli slitne. I begynnelsen av året var me ikkje sikker på om me ville få erstatning, men dette året har det blitt vedteke at me skal få full erstatning, viss det ikkje var i strid med ESA-regelverket. Rett før jul fekk me den gode nyheiten om at det ikkje var i strid med deira regelverk, fortel han.

– Me har hatt fleire utfordringer dette året. Først og fremst det økonomiske. Dette er blitt forsterka av at alle dei store kostnadane me har på garden, er blitt høgare. Gjødsel er gått opp i pris, og diesel, strøm, og ikkje minst gassprisen har gått til himmels. Kona mi Tine brakk armen i april, det førte til at eg måtte gjera mykje av arbeidet som me gjer saman i drivhuset, aleine dette året. Ettersom mykje av arbeidet er einsidig og tungt har det slitt meir på meg.

– Det beste med dette året må vera sommarveret. At heile familien har unngått korona er også fantastisk. Og at me er blitt lova full erstatning for minkproduksjonen, seier Øvrebø.

Eline Wolden Bersagel, Venstre-politikar og jobbar ved Finnøy helsestasjon

Eline Wolden Bersagel er Venstre-politiker og jobber ved helsestasjonen i Finnøy. Foto: FOTO: Privat

– 2021 har vore prega av fleire dødsfall i nære relasjoner. Det gjer jo at ein kanskje setter meir pris på dagane som kjem og dei ein har rundt seg på ein betre måte, fortel ho.

– Det mest utfordrande har vore heile covid-19-situasjonen, som har lagt ein demper på mykje sosialt og begrensningar for dei aller fleste.

– Det beste med 2021 er vel at me kanskje ser ein ende på pandemien, i tillegg til at me kan køyre gratis i Finnfast, me har fått eit betre ferjetilbod, og at det ser ut som at det satses litt meir i desentrale strøk, seier Wolden Bersagel.

Bjørg Vestbø, leiar Rennesøy frivilligsentral

Leiar for Rennesøy Frivilligsentral, Bjørg Vestbø.

– Året 2021 har vore eit greitt år for meg, men våren var stille på grunn av koronarestriksjonane, seier ho.

– Det mest utfordrande var at me frå starten av året ikkje fekk starte opp igjen aktiviteter i frivilligsentralen. Me brukte mykje tid på planlegging av aktiviteter som me håpa skulle komme i gang om hausten, og kontakt med dei frivillige. Og så var det trist at me måtte stenge ned igjen i slutten av november.

– Det beste med året var at me på hausten 2021 fekk i gang mange aktiviteter, og me fekk til og med ha felles samling for dei frivillige. Me gjennomførte både «Sommer-bonaza» og «FiksFerrigeFerie» for barn og ungdom. Så nå håper me på at 2022 forhåpentligvis kan bli eit «normalt» år, seier Vestbø.

Birger Wikre Hetland, leiar, Finnøy kommunedelsutval

– 2021 har vore eit travelt år. Mykje av tiden dette året har gått til møter gjennom Teams, birøkting og arbeid ellers på garden. Det var ein fantastisk flott sommar som gjor at me rakk meir godt veravhengig arbeid på garden.

– I år har eg hatt mange utfordringar. Ei stor utfordring politisk har vore å nå fram med Øyfast-prosjektet. Eg trur dette er eit suverent godt prosjekt som fleire og fleire vil få augene opp for. Om dei ikkje landfaste øyene skal utvikle nye næringer, auke innbyggartalet og fortsatt vera Stavanger sitt føretrukne ferieparadis så må det fastlandsforbindelse på plass. Det å leie ferjedrift i overskuelig framtid er ikkje ei god løysing. Om me legger 45 år til grunn så kan me betale for nær to stykk Øyfast.

Birger Hetland (Sp) er leiar for Finnøy kommunedelsutval. Foto: FOTO: Arkivfoto

– Ei anna utfordring var å finne pengar til sykkel- og gangsti på Finnøy. Det var gledeleg at bompengane i Finnfast forsvann. Men det er ein bismak med at dei som vedtok dette ikkje evna å sikre mjuke trafikantar på Finnøy. Nå ser det ut som heile prosjektet blir utsett fleire nye år ettersom det ikkje fins midler til det, i Fylkeskommunen. Eg meiner det var uansvarleg å fjerne bompengane på Finnøy utan å sikre gangstien, som er planlagd. Om bommen hadde stått tre månader lengre ville det vore ein like stor seier for FrP og ein like stor seier for alle brukarane på Finnøy.

– Det beste med dette året er at Norge har fått ny regjering. Med ny regjering håper eg at spesielt landbruksnæringa kan få eit positivt løft. Eg frykter det vil komme mange nedleggelser i kjølvannet frå den regjeringa me hadde. Det er ingen bønder eg kjenner som kan leve av ei klapp på skuldra. Takk for det gamle, alle gode sambygdingar. Godt nytt år, avslutter Hetland.

Jostein Eiane, medlem av Rennesøy kommunedelsutval

Jostein Eiane (KrF) sitter i Rennesøy kommunedelsutval. Foto: FOTO: Terese Torgersen

– Som næringsdrivande på gard har 2021 ikkje bydd på dei store vanskane andre har møtt på. Med studentar heime har det kanskje vore vel så livleg som det pleier, seier han.

– Det å ikkje kunne treffe folk og bruke fellesarenaer, som idrett, kyrkje og bedehus.

– Høgdepunktet var då eldste jenta mi gifta seg i sommar. Då kom Bygdakokken på besøk og bidrog til ei flott feiring, fortel Eiane.

Ottar Sandanger, kommunestyrerepresentant for Ap

– Største utfordringa har rikspolitisk vore å delta på min måte for å skaffa landet ei ny regjering. Lokalt registrerer me at strukturen i landbruket endrar seg.  Det går mot større, men ferre einingar, både innan tomatproduksjon og det meir tradisjonelle landbruket. På det vesle fogna-bruket eg vaks opp på, vart sesongen 2021 den siste av 72 med leveranse av tomater. Pandemien har sjølvsagt vore ugrei, men personleg har eg sluppe billeg frå det. Teams-møter har fugert tåleg bra.

– At me fekk ny regjering har eg tru på er noko av det beste som har skjedd dette året. Men er veldig skuffa over at det ikkje lot seg gjera å få etablert ei fleirtalregjering av dei tre partia eg tykkjer best om, Ap, SV og Sp.