Unge musikarar fekk opptre i intimt lokale
Onsdag kveld fekk nokon av oss oppleve ei fin musikkstund i Otto-huset på Judaberg.
– Her var det intimt og koselig, seier soneleiar Per Ivar Thorstad i Finnøy og Rennesøy kulturstasjonar:
– Me ville prøve å få til ein konsert her slik at elevane fekk spele i eit anna lokale enn det me har oppe på skulen.
Onsdag kveld framførte eit knippe elevar stemningsfull musikk i Otto-huset på Judaberg.
For nokre år sidan skal det ha blitt avvikla kulturmønstring (UKM) i Otto-huset, men ein intim kveldskonsert med kulturskulen har det vel aldri vore her før?
Dei kring 20 i salen fekk høyre pianospel, song og gitarband.
Gitarbandet, med elevane Sonja Hebestreit frå Finnøy og Zora Sevenhujsen frå Austre Åmøy i front, var innom både pop, jazz og blues i si avdeling.
– Eg øvar ein time kvar dag, seier Sonja til Øyposten rett etter konserten.
– Kva likar du best å spele?
– Eg likar all musikk, svarar Sonja.