Sven (9) selde varer han har vakse ifrå

Østhusvik grendalag samla laurdag bra med folk til kafé, basar og barnas marknad.

Sven Ravndal Hodnefjell saman med søstera Iselin Ravndal i fugleperspektiv i Østhusvik grendahus. Sven selde dyr og bilar.
Publisert: Publisert:

– Det har gått fint. Eg har ikkje seld så møye, men litt, seier Sven Ravndal Hodnefjell.

Han stod med dyr og bilar som han har vakse ifrå under barnas marknad på Østhusvik grendahus laurdag midt på dagen. Leikene kunne andre sikre seg ved å vippse ein tiar eller så.

– Eg har seld for 175 kroner, held Sven fram.

– Det var då ikkje så dårleg heller.

– Neidå.

Etter marknaden har han tenkt seg ned til sjøen.

– Kva skal du gjere i sommar?

– Eg blir nok møye ved naustet, seier Sven.

– Kva skal du gjere der?

– Bade og ete.

Barnas marknad var eit høve for ungane til å tene nokre kroner, og for andre til å sikre seg fine leiker for ein billig penge.

Basaren, med gevinstar frå lokalt næringsliv, og kafeen var til inntekt for grendalaget og drifta av grendahuset. Grendalagsleiar Jørgen Dyrseth er godt fornøgd med oppslutninga.

– Med barnas marknad er det mest barnefamiliar me trekker, men det var som forventa. Me har nok hatt innom eit par hundre personar i dag, seier Dyrseth.

Grendalagsleiar Jørgen Dyrseth føre kafeen i Østhusvik grendahus.

På utsida av huset var det rigga til sittebenkar. Arrangementet blei avslutta klokka 14, for at folk skulle få tid til å kose seg heime òg i finværet

I fjor hadde grendalaget popup-kafe og julemarknad. Dei prøver ulike konsept for å nå ulike grupper, fortel Dyrseth.

Allereie søndag, dagen etter barnas marknad, arrangerer dei Cars & coffee, som på nynorsk blir noko slikt som veteranbiltreff. Då kan grendalaget lokke med nyasfaltert parkeringsplass utanfor grendahuset.

Arrangementa på Østhusvik i helga var ein del av Fellesskapsuken på Rennesøy som har vara frå 12. til 18. juni.

Publisert: