Berit Marie Hopland (t.v.), Signy Bråtveit, Astrid Frise og Solfrid Skadsem klar til bading i Kvitevika på Finnøy. Den friske damegjengen, med nisseluver til ære for Øyposten sine lesarar, er heilårsbadarar, og bryr seg korkje om det er vinter eller vår.||||rne Hopland er grautsjef og miksar grautskålene slik at kona Berit Marie ikkje skal vita kva skål mandla ligg i.||Grauten er servert og dei spreke badenymfene kan kosa seg rundt bordet i stova til Berit Marie Hopland i Fåhagen på Finnøy.||Ein gong i veka, heile året, badar denne damegjengen i sjøen på Finnøy. Her stupar dei uti ein vindstille, men iskald desemberdag.||

FINNØY:

Vatnet held ikkje meir enn nokre få grader denne torsdagen i veka før jul. Fire spretne damer hiv av seg vinterklærne, og spring plaskande ut i vatnet i Kvitavika på Finnøy.,

Kalenderen viser 16. desember, og, sjølv om det er sol og heilt blikk på sjøen, bit kulda godt.

Men Signy Bråtveit, Solfrid Skadsem, Astrid Frise og Berit Marie Hopland let seg ikkje avskrekka. Tvert i mot ser dei rett og slett ut til å kosa seg i det iskalde vatnet, og tar til og med nokre symjetak, før dei vassar i land igjen. Den femte i badegjengen, Else Liv Børresen, var forhindra frå å vera med denne dagen.

Sjå video nederst i saka.

Ein gong i veka, heile året, badar denne damegjengen i sjøen på Finnøy. Her stupar dei uti ein vindstille, men iskald desemberdag. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Forfriskande bad

– Du må sjølvsagt vita kva du gjer, men det er veldig forfriskande. Det får opp blodsirkulasjonen, seier Signy Bråtveit, som saman med Solfrid Skadsem er veteranane i flokken. Dette begynte dei med så langt tilbake som i 1993.

Dei er heilårsbadarar, og badar som regel i Kvitevika eller på Reilstad.

– Skal nokon begynna med heilårsbading bør dei begynna om hausten, for då er vatnet varmast. Absolutt kaldast er det i februar, seier dei fire sprekingane.

– Kvitevika er ideell, for her kan du vassa uti og gje kroppen litt mulighet til å venna seg til kulda, legg Bråtveit til.

Marie Hopland i Fåhagen på Finnøy. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Romjulsbad

Solfrid Skadsem pleier å ta med heile familien på vinterbading i romjula. Det er rett nok ikkje alle som kastar seg uti, men ein del, både barn og barnebarn.

Badeplassen i Kvitevika ligg ikkje så langt frå fylkesvegen, og det hender at bilar slakkar av på farten når dei oppdagar at det er bading på gang, midt på vinteren.

– Dei lurer vel på kva med driv på med, seier dei blide finnøydamene.

Damegjengen er i alderen 67-74 år, og brukar å avslutta badeøkta med ein betre lunsj heime hjå ein av dei. Denne torsdagen avsluttar dei med julegraut heime hos Berit Marie Hopland i Fåhagen. Også det er blitt ein tradisjon.

kona Berit Marie ikkje skal vita kva skål mandla ligg i. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Mannen kokar grauten

Mannen hennar, Arne, har oppågåva med å vera grautsjef, og har laga risgrynsgrauten frå botnen av. Han set si æra på å ikkje svi grauten, for å unngå at det blir stygge brune. klumpar i han.

– Det er ikkje så lett med dei moderne grytene, det hadde vore lettare med gammaldagse aluminiumsgryter, meiner han.

Men grauten ser «berre lekker» ut, så han verkar til å ha kontrollen. Dermed kan grauten serverast, med mandel i, og damene rundt bordet har avrunda nok eit år med badeglede.

https://youtu.be/p8BEXq2ZQvU