Oddgeir Bruaset kjem til Finnøy og Rennesøy denne veka. Han kal snakka om julesongar og-tradisjonar. Foto: Staale Wattø, Sunnmørsposten.

FINNØY:

Den populære fjernsynsserien som gjekk på NRK i heile 13 sesongar, frå 2002 til 2015, er det mange som framleis hugsar. Oddgeir Bruaset har fått heile landet til å benka seg framføre fjernsynsskjermane, for å sjå folk som bur på uvanlege stader i utkant-Norge. Bruaset fekk Gullruten-prisen for serien i 2008.,

Sterke historiar

,Med innleving og overtyding fortalde Bruaset historiane på ein slik måte, at ein mest opplevde å vere med på reisene. Me fekk høyra om korleis personane frå fjernsynsserien feirar jul høgt til fjells eller ytst i havgapet.,Ikkje minst blei det eit rørande «gjensyn» med ei 90 år gamal dame frå Kjeåsen i Eidsfjord, som budde åleine på ein gard 530 meter over havet

.

Og om 88 år gamle Jon Skaar på garden Skåro i Botnen i Hardangerfjorden. Einaste framkomstmiddel til garden hans var med helikopter på vinterstid. Skaar feira jula åleine heile livet, heilt til siste året før han døyde.,

På grunn av innskjerpa smitteverntiltak fekk ikkje alle som ville, plass i aktivitetstova. Heller ikkje fekk bebuarane i omsorgsbustadane høyra forteljingane til Bruaset.

– Men historiane er like gode uansett kor mange som høyrer dei, men eg skulle gjerne likt å sett endå fleire, sa Bruaset.

https://www.oyposten.no/2021/11/16/kom-i-julestemning-med-oddgeir-bruaset/

Bibelske symbol

I tillegg til å formidla julestemning frå dei mest utenkelege plassane, fortalde han om gamle skikkar og tradisjonar. Om korleis folk kom seg heim til jul, korleis dei pynta, og om ulike mattradisjonar.

– Visste du at folk i dag pyntar til jul på same måte som det har blitt gjort i alle år? Det er berre sjølve pynten som er forandra. Eller visste du at julepynten er bibelske symbol?

Bruaset har gitt ut fleire bøker om juletradisjonar og -feiring frå stader som er basert på programserien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Han har også fått Kongens fortenestemedalje for arbeidet sitt som kulturformidlar.