To lagshus på Sjernarøy har fått støtte
Både Sjernarøy grendahus og speidargruppa på Sjernarøy har fått pengestøtte til å oppgradere lagshusa sine.
– Me må skifte fem til seks dårlege vinduer og ei særdeles dårleg ytterdør, seier leiar Arnt Ove Rødne i Sjernarøy grendahus.
Fredag fekk han 140.000 kroner frå Sparebankstiftelsen SR-Bank til formålet.
– Fantastisk å få pengar frå lokalbanken til dette. Å få inn så pass mykje pengar på dugnad hadde vore krevjande, seier Rødne.
Banksjef Lise Olsen Hodnefjell i SR-Bank Randaberg delte ut gåva og sa ho håpar tiltaket vil vere til glede for særleg barn og unge men òg resten av bygda.
Eit allsidig bygg
Grendahuset ligg på Kyrkjøy og blei bygd som skule kring 1925. Seinare har det vore både barnehage og lefsebakeri der. Etter at oppvekstsenteret blei bygd på Aubø, har huset blitt eit reint forsamlingslokale som blir leigd ut for ein billeg penge til private samlingar og der det med jamne mellomrom er samlingar for heile grenda.
– I kjellaren har me eit sløydrom der treskjerarlaget held til. Ein annan del av kjellaren har me tenkt å gjere om til ungdomsklubb, men det blir litt lengre fram, fortel Rødne.
For å bytte vinduer og dør leiger dei inn Landsnes Bygg.
Gammalt bedehus
Fredag delte lokalbanken òg ut 25.000 kroner til Sjernarøy speidargruppe. Speidergruppa overtok for nokre år sidan det gamle bedehuset på Nord-Talgje.
– Me må bytte nokre vinduer og er glade for pengegåva, seier gruppeleiar Rita Vik i speidergruppa.
Speidergruppa har for tida 18 medlemer. Denne veka er vel halvparten på kretsleir på Jørpeland.
Vik har til dagleg jobba på Sjernarøy oppvekstsenter, men frå i sommar er ho pensjonist. Ho startar pensjonisttilværet med ei veke på sommarleir.
Den andre gruppeleiaren, Tove Bergjord Tysdal, er til dagleg pedagogisk leiar i Ombo oppvekstsenter, så speidarleiinga på Sjernarøy har solid erfaring med å jobbe med ungar.
– Me har ein stor bålplass på Helgøy, og me likar å vere ute, men av og til treng me eit hus òg, seier Vik.
Som speidarar lærer ungane å bruke både kniv, øks, stormkjøkken, kart og kompass. Nyleg bygde dei eit bord av kun gjerdepålar og tau, fekk Øyposten høyre då me var innom.