Jørn Bjørn med splitter ny bok om «land som ikkje er land»
Har du høyrt om Liberland, Uzupis, Karbala eller Hutt River? Ikkje, men i Jørn Bjørn Augestad frå Finnøy si nye bok kan du lesa både om desse og mange andre land «som ikkje er land».
FINNØY: -Eg var ganske tom etter at eg hadde skrive den første boka mi, seier Jørn Bjørn Augestad til Øyposten.
Den handla om alle dei 193 medlemslanda i FN han hadde besøkt. Faktisk er finnøybuen ein av bare rundt 300 personar som har besøkt alle verdas land.
I innleiinga til den nye boka si «Prosjekt grenseløs. En reise til land som ikke er land» skriv han: «Da jeg landet på Seychellene den 13, mars 2019 så var målet mitt allerede nådd. Jeg hadde gått tom for land. Trodde jeg den gang».
60 land som ikkje er land
Men slik blei det ikkje. Nå har Jørn Bjørn Augestad besøkt eit 60-tals land, som ikkje er land, eller som har vore land ein gong. Her skal me ikkje ramsa opp alle, men i Europa er det stader som Færøyane, Åland, Vallonia, Wales og Liberland i Kroatia og Serbia.
For alle som er nysgjerrige på kva som rører seg av fridomsrørsler og nasjonalistiske strøymingar, er dette ei unik kjelde til kunnskap.
-På Færøyane er det sterke krefter som vil lausriva seg frå Danmark. Øygruppa er ganske isloert, har flott naur og sterke tradisjonar og eit språk som er ei blanding av gælisk og skandinavisk. På sjølvstyrte Åland, som formelt ligg under Finland, snakkar alle svensk, og det er ikkje eit finsk flagg å sjå, seier Augestad.
Til ei øy utanfor Jemen
Nå skal han snart leggja ut på turne med bubilen land og strand rundt for å promotera boka si. Til Finnøy Bibliotek kjem han fredag 31. mars klokka 13.
-Kva nye reisemål har du nå?
-Eg har alt begynt på ei ny bok, om øyar som ligg langt frå moderlandet sitt. Til dømes Jan Mayen, Fransk Polynesia og Falklandsøyane til dømes, seier han.
Reiselysta til Jørn Bjørn har med andre ord ikkje slukna. Nå i påsken dreg han med eit turfylgje på 10 personar til ei øy utanfor Jemen.
-Den er ei flott øy, kor det er planter og dyreartar som ikkje finst nokon annan stad. Det bruka å bu 40.000–50.000 på øya, men etter borgarkrigen i Jemen har det flykta mange ut dit. Nå bur det rundt 70.000 menneske der. Men det er ei øy kor det aldri har vore krig, seier han.
Verdas farlegaste land
Om sommaren guidar han turistar rundt i Stavanger-distriktet, ofte til Preikestolen, mens i vinterhavåret er Jørn Bjørn på reisefot eller arrangerer turar.
Mellom anna har han vore på Bijagosøyane utan for kysten av Guinea-Bissau i Vest-Afrika.
-Det er ein stad kor kvinnene bestemmer kven dei skal gifta seg med. Godtek du ikkje det har du ikkje noko der å gjera, opplyser Augestad.
-Er det tilrådeleg for vanlege folk å reisa til desse landa som «ikkje er land»?
-Ja, mange land er trygge, men i mange land er det sterke konfliktar. Dit vil eg ikkje anbefala nokon å reisa. Til dømes Palestina, Kurdistan eller det som skal vera verdas farlegaste land, Waziristan på grensa mellom Pakistan og Afghanistan, seier Jørn Bjørn Augestad.
Men, der han han også vore, og kom heilskinna frå det.