Den årlege påskevandringa på Finnøy, med dramatisering av påskeevangeliet langs ei løype, er gratis, men publikum blir opplyst om at dei kan vippsa ein slant til arrangørane; Sundagsskulen på Finnøy.

Nå har sundagsskulen tald opp.

– Det er berre til å takka og bukka til alle som kom og som gav gåve, seier sundagsskuleven og medarrangør Tor Øyvind Skeiseid:

– Me fekk inn 61.350 kroner, mot 47.400 kroner i fjor. Me er svært takksame!

Nærare 1700 personar fekk med seg vandreteateret, som betyr at kvar person i snitt vippsa i underkant av 40 kroner. Den billettprisen hadde nok få reagert på.

– Me kjenner oss oppløfta nå. Dette var heilt fantastisk, sa Hjørdis Halleland Mikalsen til Øyposten dagen etter arrangementet.

Ho sit i hovudkomiteen for påskevandringa i hop med blant anna Skeiseid.

I fjor kom det kring 1400, som då blei skildra som ekstraordinært mykje.

– Parkeringa var vanskeleg i fjor, men det gjekk veldig fint i år. Det me mangla denne gongen var fleire doar, seier Halleland Mikalsen.

I tillegg til å sitja i hovudkomiteen er ho med på manussida. Vandrespelet endrar seg litt frå år til år, sjølv om hovudhistoria ligg fast. I år blei fornektaren Peter bruka som ein raud tråd i fleire scener.

Under prøvene laurdag var det regnvær og surt. Kontrasten til søndag kunne knapt vore større.

Folk kom frå både Jørpeland, Randaberg og Karmøy for å få med seg vandrespelet, som må vere eitt av dei finaste påskearrangementa i heile landet.