Endå meir skjer på Fogn: Forestilling hos Pia Myrvold
Det blir performance-forestilling hos Pia Myrvold i Sæbøvåg laurdag. «The Sumerian on Holiday» er tittelen.
FOGN: Det blir forestilling to gonger, ein klokka 13 og ein klokka 16.30, opplyser Pia Myrvold til Øyposten.
-Eg pleier ikkje opplysa navnet på den som skal ha forestillingen, men det er ein dyktig performance-kunstnar som eg har samarbeidd ein del med, seier ho.
«The Sumerians on Holiday» er ein oppdikta karakter som er lausleg inspireret av historier skrivne av sumererar, verdas første sivilisasjon.
I tillegg blir det marknad med salg av sopp frå Jåttå, egg, tomater, fersken frå Helgøy og bilete frå galleriet.