Høyr historia om Berge Furre, opprøraren frå Sjernarøy
Berge Furre frå Sjernarøy, «høvdingen og bautaen,» som han blei kalla, har vore ein tydeleg stemme i norsk samfunnsliv heilt til han døydde i 2016.
- Oddbjørg Måland
På onsdag i denne veka kjem forfattar og kulturjournalist Arnhild Skre til biblioteket på Finnøy og Rennesøy for å presentera sin nye biografi om Berge Furre. Den skjegløygde SV-leiaren, historikaren og presten, samfunnsdebattanten, forfattaren og talaren frå Bjergøy, velkjend gjennom eit halvt hundreår.
Biografien, Ein mann i rørsle, eit levande menneske, kom ut i oktober i fjor og har blitt teke godt i mot. Skre skriv om eit undrande, intenst, rastlaust og strategisk handlande menneske fram. Omdiskutert til det siste.
Då nekrologane om Furre kom ut vektla dei den stabile og trygge Furre, men då det omfattande arkivet hans blei opna for biografen, såg Skre at dette bilete måtte brytast opp.
Kristentru, sosialisme, målsak og fredssak prega Berge Furres liv, men biografen syner oss også prestestudenten som miste trua. Vi blir kjende med fredsvenen som hamna i naiv beundring for DDR. Kampen mot EU gjorde han til folketalar, avsmaken mot jappetida førte han tilbake til kyrkja. Som stortingsmann for SV kjempa Furre fram tverrpolitisk semje om betre bondekår, men han skapte splid med lovbrot og risikerte riksrett då han offentleggjorde hemmelegstempla dokument om amerikanske militære peilestasjonar i Norge.
Arnhild Skre har og har skrive biografiar om Theodor Kittelsen, Ragnhild Jølsen og Hulda Garborg. I 2011 fekk ho Brageprisen for biografien om Hulda Garborg.
Bilblioteket på Finnøy klokka 1200 og biblioteket på Vikevåg klokka 1800.