Elleve medlemmer av Terna 4H viste fram prosjekta sine i gymsalen i Sjernarøy Oppvekstsenter. Ordførar Sissel Knutsen Hegdal var til stades og kasta glans over feiringa.
– Festar som dette, er noko Sjernarøybuen er skikkeleg gode på, skriv ho på Facebook etter å ha tatt turen til Aubø søndag ettermiddag.
Diplom blei delt ut til deltakarane, og det var også middag, kakebord, leiker, quiz og loddsal.