RYFYLKE:

Boka går i trykken kva dag som helst og skal vera klar før jul.,

Dette er historia om fjordane i Ryfylke. Frå Håsteinsfjorden og Kvitsøy i vest til Riskahavet og Lysefjorden i aust, frå Byfjorden i sør til Saudafjorden i nord.

Eit stort område med hundrevis av viker, sund, øyar, holmar og skjer, og som alle har ei historie det ikkje er så lett å få auge på.

Ei bok for dei fleste

– Kven bør får boka til jul?

– Alle som likar å ferdast i naturen, alle som har tilknyting til Ryfylke og alle som likar lokal historie, fortel leiar i Ryfylke Friluftsråd, Hans Olav Sandvold.

Boka tek utgangspunkt i dei mange områda der Ryfylke Friluftsråd har lagt til rette for nettopp, friluftsliv.

– Ja, me ønskjer å fortelja historia om stader og folk me har møtt når me har vore ute å opparbeida alle dei flotte perlene i Ryfylke. Å kjenna historia på plassane du ferdast, aukar turopplevinga og gjer at folk kanskje tek endå betre vare på plassane. Sjølv me som reiser Ryfylke på kryss og tvers og har gjort det i årevis, kjenner på langt nær alle historiene. Så her er det mykje spennande å lesa.

– Boka inneheld òg fakta om dei forskjellige plassane, som gjer ein praktisk nytteverdi i tillegg. Dette er ikkje ei bok du les frå perm til perm, men eit nyttig og unikt oppslagsverk om perlene i Ryfylke, fortel Sandvold.