Olav Anvik var eit begrep i Ryfylke

Den kjende båtbyggjaren Olav Anvik har gått bort. «Anvidjen» vart eit begrep i Ryfylke, skriv Terje Bjerga i dette minneordet.

Olav Anvik bak i  «rongja» på ein av båtane han bygde.
Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel
Olav Anvik var ein gild mann, og hadde alltid godt humør.

Av Terje Bjerga

Eg står med eit par årar i nevane, eit par årar som Olav Anvik har laga. Det spesielle er at dei ikkje er skøyda, men handlaga ut av eit heilt emne.

Olav hadde slekta si frå Vindafjord. Han kom til Halsnøy saman med familien. Faren Sevrin og onkelen Gustav bar med seg båtbyggjarkunnskapen som Olav fekk inn tidleg. Her sa me at dei alltid «var gode med øksa». Det var fordi dei kunne flikke til eit bord berre ved bruk av øks.

Eg hugsar Olav, gjerne med ein av ungane, gjekk i land på småholmar og øyar i Ryfylke. Det var for å leite etter stevne framme og bak. Han brukte fårer som var skeive, fordi dei hadde fått denne naturlege bøyen. Han kunne til og med kjøpe ein liten teig med skeive fårer. Desse skar han til og tørka på sjøhuset. Seinare fekk han slektning med sagbruk på Sand, og der blei større mengder furu og anna skore.

Det å kome til sjøhuset hans, var alltid interessant for ein gutunge. Ikkje berre at det var trongt der, men det var lyder, lukter og ekstra lukt av tjære, øydelagte båtar på land og fleire som var på vent uti «dokken» hans. Gjerne saman med hans eigne gavla- og loddebådar der nøter eller garn låg klare.

Alltid gild og hjelpsam

Olav Anvik var også ein dyktig fiskar. Her ved kai på Halsnøy. På biletet snakkar han med Karl Skartveit, mens sonen Sigmund Anvik sit på styrehuset.

Olav var roleg, uvanleg blid og alltid med godt humør, «glikka» og lo og han såg deg. Han var alltid ein gild og hjelpsam mann å kome til, - og han var der om du kom på ettermiddag eller kveld. «Han kan alt og får til alt», sa me.

Han likte nok det han held på med, slik at det var uvanleg lange arbeidsdagar. Dagane blei for korte for han. Uansett var nok ein tung bakke å gå opp- og heimover seint på kvelden, då han var svolten etter eit særs, langt bel og kroppen trong kvile.

Då han starta byggjing og vøling, var det inni eit skur, seinare inn i sjøhuset. Men båtane auka stadig i lengde slik at sjøhuset blei kraftig utvida og auka i storleik. Såpass at han kunne stå tørt vinterstid, og saga kom under tak. Der var det også det me kalla «spel» slik han lett kunne dra opp og flytte båtane. Det kunne då være fleire båtar inne samstundes. Og han fekk med fleire av ungane som nå sit på båtbyggjarkunsten.

Nå kunne dei også byggje endå større båtar. Eit par blei 40 fot.

Bygde ein robåt på ei veke

Olav Anvik var ein roleg og blid mann. Her ombord i gavlabåten sin.

I andre etasje på sjøhuset bygde han robådar. «Ein robåd kan eg byggje på ei vekes tid innimellom alt anna», sa han ein gong, «då får du han levert sjøklar».

Mang ein båt var innom slippen hans for å vølast, - og i den lyse årstid, leggje på ny olje eller bli «tjørebredde» som me sa. Fekk du eit hol i båten, skøyda og klinka han inn eit nytt bord med stry dyppa i tjøre i skøyden, og det kunne skje der og då.

Var eit begrep

«Anvidjen» vart eit begrep i Ryfylke. Han var vidt kjent for sin båtbyggjarkunst ved å vøle trebåtar og byggje nye. Sjølv om plasten blei byggjemateriell, held han livet ut fast på den gamle kunnskapen og byggjekunsten. Ein tradisjon og kunnskap som går fleire tusen år tilbake.

Det er ikkje få båtar som blei til på slippen hans opp gjennom åra. Og me kunne sjå på bådane, då dei glei forbi, at dei var bygde av «Anvidjen».

Men Olav hadde mange andre interesser. Han var alltid ein særs god fiskar, spesielt med makrellnot og på hummaren. Han dreiv også i mange år med kilenot etter laks. Alltid store fangstar og ein mann som ikkje gav opp.

Ein del av fangsten slik som makrell og laks, røykte han og selde.

På det brattlendte småbruket der han hadde ei svært arbeidsom og støttande kone med ein stor barneflokk, prøvde han ulike ting for å skape inntekt - ikkje minst ut frå si interesse. Frå ei ku til ein griseflokk ein periode, stor og variert bærproduksjon, også med moreller og så fruktå, eple, plomma og pære, - der biene hans gjorde ein god jobb. Nyplanting og eksperimentering.

Av all «skrapefrukt» starta han for mange år sidan å presse saft.

I barndommen hugsar eg han kvar fredag, ein gong i veka til krambua, tidleg kveld i mørknå der han fylte opp øsjer med matvarer.. i allslags vær med gavlabåden. Det var handkjerre og dra varene opp den bratte bakken frå sjøhuset til heimen.

Nå har Olav Anvik gått bakken for siste gong. Denne gode mannen gjekk brått ut av denne verda for nokre dagar sidan, dagen etter han sette poteter.

Det var ein særs gilde mann som mange i Ryfylke og lengre utover, hadde eit godt forhold til. Han var i tillegg ein uvanleg snill, hjelpsam og god nabo.

Eg vil lysa fred og takksemd over Olav Anvik sitt minne.

Rusta for utkikk etter makrell. Olav Anvik med alpelue i snakk med Malenius Eike (med ryggen til), mens Sigmund Anvik står i utkikken. Sonen Rune Anvik sit på huk på kaien.
Publisert: