Ifylgje tal frå NHO skal kvar innbyggar i Rogaland handla til jul for 11 000 kroner. Heile fylket ligg an til å handla for 1 milliard kroner.||||||||

FINNØY/RENNESØY:

Men det går an å kosa seg utan å overforbruka. Ei heller må forbruksfesten stå i vegen for julas verkeleg verdiar.,

Ifylgje tal frå NHO skal kvar innbyggar i Rogaland handla til jul for 11 000 kroner. Heile fylket ligg an til å handla for 1 milliard kroner, medan totalt i heile kongeriket er julehandelen venta å bli 116 millardar kroner.

Øyposten har snakka med folk i Finnøy og Rennesøy for å høyra korleis det ligg an med julehandelen. Er tala frå NHO representative?

- Kor mykje brukar du på årets julehandel, rundt rekna?

- Er det ok å bruka 11 000 per person til julehandel?

<img class="alignnone wp-image-22554" src="https://www.oyposten.no/wp-content/uploads/2021/12/Jenita-Lemos-768x1024.jpg" alt="" width="365" height="487" >

Jenita Lemos

- Eg brukar i alle fall ikkje 11 000 kroner på julehandelen, langt ifrå. Men kanskje rundt 3500 med presangar mat og drikke.

- Folk må få lov å feira og bruka pengar i jula. Dette er ei super tid for å samla familie og vener og ha det kjekt saman. Det er berre snakk om éin gong i året, og då kan dei som har anledning unna seg det. Det er så mange dager ellers i året ein kan vera nøysame. I jula må det vera lov til å ta av litt.

<img class="alignnone wp-image-22556" src="https://www.oyposten.no/wp-content/uploads/2021/12/Morten-Floysvik-768x1024.jpg" alt="" width="377" height="503" >

Morten Fløysvik

- Det høyres mykje ut, men eg trur jammen eg er der eg og. Med stor familie, mat og gåver går det mykje pengar. Eg skulle gjerne sett at me kunne kjøpt endå meir nyttige ting til kvarandre, opplevingar og aktivitetar. Til dømes ein god turjakke med oppmoding om å komma seg opp og ut, eller ein konsert. Eg trur mange unner seg litt ekstra dette året på grunn av pandemien.

- Ja, det er ok. At me kan bruka 11 000 kroner kvar er eit resultat av ein godt styrt økonomi. Eg skjønar at det kan kjennast vondt for dei som ikkje har. Men det gagnar ingen å sylta dei ned,og dei som ikke har, får det heller ikke betre av den grunn. Ingen treng å ha dårleg samvit sjølv om julegavene er dyre.

<img class="alignnone wp-image-22555" src="https://www.oyposten.no/wp-content/uploads/2021/12/Solveig-Haugvaldstad-768x1024.jpg" alt="" width="363" height="484" >

Solveig Haugvaldstad

- Eg tykkjer ikkje 11 000 kroner høyres mykje ut. Me gir ungane ein slump pengar til jul, og det går mykje til mat.

- Ja, med jul er det heilt i orden å bruka pengar, dei går til ungane uansett. Eg tenker at det ikkje er på julaftan ein skal spare mest. Det er kjekkare å gi no medan me lever. Me må kosa oss og leva mens me kan. Me veit aldri kva framtida bringer.

<img class="alignnone wp-image-22557" src="https://www.oyposten.no/wp-content/uploads/2021/12/Jofrid-Norenes-768x1024.jpg" alt="" width="354" height="472" >

Jofrid Norenes

- Eg bruker nok ikkje 11 000 åleine, men eg og mannen til saman er nok kanskje oppe i rundt 14 000 kroner.

- For min del kunne me gjerne brukt mindre pengar på gåver. Me gir pengar til ungane våre som heldigvis kjøper nyttige ting som klede og sportsutstyr til sine ungar. Oftast er det ting dei har behov for og som dei likevel må kjøpa.

<img class="alignnone wp-image-22551" src="https://www.oyposten.no/wp-content/uploads/2021/12/Normann-Aske-768x1024.jpg" alt="" width="340" height="453" >

Normann Aske

- Dette året blir det mindre. Kona er i USA og har handla på Black Friday, det er noko anna enn black frida her heime. Det er mykje betre tilbod, difor tenker eg at me kjem til å bruka rundt 5000 kroner kanskje.

- Eg tenker det går an å kosa seg i jula akkurat like mykje utan å bruka enorme summar. Me må ikkje la julehandelen ta heilt overhand. Me har ein klode å ta vare på.

Torjus Bergøy

- 11 000 kroner? Nei, det brukar eg slett ikkje. Eg er heldig og slepp billig med tanke på innkjøp for det tek søstrene mine seg av. Eg berre vippsar når eg får beskjed, slik sett har eg ordna meg godt. Kanskje eg brukar 5000-6000 kroner?

- Nei, det er ikkje greitt å bruka så mykje pengar på julehandel, eg vil faktisk sei heilt "på trynet." Eg er sterkt imot bruk og kast-mentaliteten, det er ikkje berekraftig, så det må me få slutt på.

Anita Reierstad

- Det er vanskeleg å si kva eg kjem til å bruka, men det blir uansett ikkje 11 000 kroner. Eg jobbar 50 prosent så det let seg ikkje gjera. Kanskje rundt 7000?

- Eg tenker det må vera opp til den enkelte å bestemma kor mykje ein vil bruka på julehandelen. Men eg tykkjer det er trist viss julen blir ein kjøpefest, og at me ikkje lenger ser eller verdsett dei små gledene.

Synøve Meihack

- Nei, heilt klart nei. Vanskeleg å sei kor mykje eg brukar, rundt 3000 kroner?

- Nei, eg tykkjer ikkje det er ok å bruka så mykje pengar på julehandel. Fokuset på forbruk kan lett overskygga dei verkelege verdiane. I mørketida treng me lys og varme og å vera gode medmenneske, ikkje forbruk og fråtsing. Me må ta tilbake dei verkelege verdiane.