Influensar til Rennesøydagen

Den nestan verdskjende tiktokaren Jakob Landa vil du finne i Vikevåg til helga.

Grethe Aukland (t.v.) er kona til Jakob Landa. Landa gjer det stort på Tiktok og no også på solbrillesal.
Publisert: Publisert:

27-åringen som til dagleg er innleigd lastebilsjåfør for Rennesøy Stein, har også mykje anna enn rattet å hengje fingrane i om dagane. Fingrane heng til dømes i trekkspelet som han held på å lære seg å spele på. Øyposten fekk høyre. Det var ikkje dårleg.

Han sel solbriller med teksten «Gydd d» eller «Jille jinn», som dei trufaste følgjarane hans vil forstå tydinga av umiddelbart.

For dei uinnvigde, kan Øyposten informere om at dette er ord han seier ganske ofte på tiktokane sine. For dei ekstra uinnvigde så er tiktok ein liten filmsnutt som er spelt inn på ein app som heiter Tiktok.

På laurdag mellom 10 og 12 kan du treffe han på Rennesøydagen, og der vil du få moglegheita til å sikre deg eit par av desse solbrillene.

– Eg begynte med dette for nokre veker sidan, seier Landa:

– Eg tinga nokre solbriller, og så har det berre tatt heilt av. Eg måtte tinga eit lass til. Oddvar Vignes sa til meg at han skulle bade i Lauvsnesvatnet på julaftan viss eg klarte å selje 100 par. No har eg seld rundt 500.

Han fortel at han ikkje har tenkt å begynne med solbrillesal på fulltid. Dette er berre eit prosjekt han vil drive med ei stund medan salet går godt.

Publisert: