Det mest spesielle som skjer i helga er kan hende heimebryggfestivalen i Østhusvik grendahus fredag kveld. Der er det venta kring 150 heimebryggarar og gjester.

– Me har ein ledig billett igjen, seier initiativtakar og heimebryggar Geir Kallmyr til Øyposten torsdag morgon:

– Me blir ni eller ti som kjem med eige øl, så det blir mykje forskjellig å smake på. Me skal blant anna ha nokre konkurransar, der publikum bestemmer kven som har det beste ølet.

Laurdag er det rocka visekonsert med Rossman på Otto-huset på Finnøy, medan det søndag er konsert med Stavanger Vocalensemble på Kulturbruk 44/4 på Bru. Konserten på Bru heiter «Draumespor – ein hyllest til Kenneth Sivertsen».

Søndag er det gudsteneste både i Talgje kyrkje og i Austre Åmøy kapell, medan det søndag kveld er SøndagsÅpent på Emmaus på Finnøy.

Sist men ikkje minst så opnar Utsyn misjonssenter på Finnøy den nye møtesalen sin søndag klokka 11 med stor familiesamling.