Siste sjanse til å sjå leiken kunstutstilling på Finnøy

Fram til 16. desember vil den flotte utstillinga til Inger Lise Belsvik henge i 2. etasje på Finnøy bibliotek.

Bileta heng på rekke og rad på Finnøy bibliotek.
Publisert:

Inger Lise Belsvik er den eine av haustens to vandreutstillingar frå Ryfylke Kunstlag, informerer Ryfylke Kunstlag i ein e-post til Øyposten.

Det er særleg i bøker for barn me finn hennar flotte illustrasjonar og særleg i bøker om dyr og natur.

Inger Lise Belsvik (1961) er fødd og oppvaksen på Sandnes. Som vaksen budde ho i 30 år i Oslo, men valde å flytta vestover att, og bur og jobbar i dag på Bryne.

Ho har illustrasjonsutdanning frå Kingston University, England og frå Kunsthøgskolen i Oslo. Ho har òg forfattarutdanning frå Norsk Barnebokinstitutt.

Ho har vunne Kulturdepartementet sin illustrasjonspris to gonger.

Kunsten hennar omtalast slik: Mange av bokillustrasjonane er utført i akrylmåling, collage eller linoleumssnitt, med ekspressive og naivistiske motiv i samstemte fargar.

Øyposten var ein tur oppom utstillinga tysdag ettermiddag, og synast at det var ein flott og inspirerande utstilling.

Bileta har fine fargar og motiv, og er godt eigna til å skape undring og refleksjonar, særleg saman med barn. Det var mange motiv frå dyreriket og naturen, og i tillegg moglegheit til å sjå i nokre av bøkene hennar.

Utstillinga er ei salsutstilling, noko som inneber at du har moglegheita til å sikre deg eit kunstverk.

Inger Lise Belsvik er kunstnaren bak utstillinga du finn i Finnøy bibliotek i nokre dagar til.
Publisert: