Kunstgalleriet til Pia Myrvold i Sæbøvåg på Fogn har ope frå laurdag til måndag i påskehelga.

Laurdag 30. mars, påskeaftan, blir det minikonsert og innvielsesfest, står det i programmet.

– Venner av The Fogn Experience har bygd ein terrasse føre galleriet. Me har bruka resirkulerte vindauge, donerte møblar, hage- og grillutstyr, som gir ein rustikk sjarm til gardstunet, skriv Myrvold.

Galleriet servere organisk kaffi, urtete og heimelaga kaker og har bevilling for vin, bobler og øl.