Eivinn Arne Jensen Larsen med kaffikopp i døropninga. Foto: Hanne Tveit / Hike Kommunikasjon

Av Maren Bø

På spørsmål om kva han hugsar frå Rennesøy og Meieriet, fortel Eivinn Arne at det skjedde så mykje der at han har problem med å sortere.

Sjølv om heisen også den gong var litt skummel, kan me starte på biblioteket. Her fann Bjørg bøkene om Otto Monster, Grøsserne og Animorphs til meg. Seinare var det sære notesamlingar som måtte bestillast inn.

– Som vaksen har eg jobba med både teiknaren og forfattaren til Otto Monster, og skrive musikken til dei norske lydbokversjonane av Grøsserne, legg han til.

Eivinn Arne tek oss tilbake

Så fortel han om Rennesøydagen kor han i bodene kjøpte sine fyrste bandskjorter, fisebomber og kinaputtar. Eivinn Arne hadde til og med ei eiga bod med eigne CD-ar nybrente frå PC-en heime.

– Det er fyrst no det går opp for meg at nokon fine folk hadde styrt på og ordna dette. Dei hadde funne ein plass og sett opp salstelt. Tenk det!

Etter skuletid var det PlayStation, brus og fest på Back2Basic, ungdomsklubben på MC’en med Kenneth. Her spela Eivinn Arne med fleire av banda sine.

Eivinn Arne på guterommet med Knutsen & Ludvigsen T-skjorte. Foto: Kjell Inge Torgersen

Aller mest var han på Meieriet. Det var konsertar, bygdekino, fest, UKM og musikalar. I ein musikal fekk han til og med sitt fyrste kyss. Ein lur regissør hadde plukka opp romantisk stemning, ho skreiv like godt eit kyss med flammen inn i scenen.

Utan at det var råflott og dyrt, låg alt på Rennesøy til rette for at han kunne utvikle seg som musikar.

– Det er altså på ingen måte kommunen si skuld at eg ikkje vart ein verdskjent gitarist, opplyser han.

Tunnelen går begge vegar

Ein fordel var også at bussen stoppa like utanfor Meieriet, slik kunne han også få vennene frå byen til å kome då han haldt sin heilt eigen solokonsert.

Det er altså ikkje berre øybuarane som skal vere glade for tunnelane. Det går faktisk an å køyre andre vegen. Med dette oppfordrar Eivinn Arne Stavanger kommune til å skaffe seg eit overblikk over kva som har fungert godt her ute på øyene.

– Kanskje kan dei til og med lære av tinga som funkar på Rennesøy, og ta det med tilbake til byen, kor eg sjølv bur og snart skal oppdra eigne born.

Eit liv med lyd

No produserer Eivinn Arne barnelydbøker for Cappelen Damm på Stavanger Tinfabrik. Han gjer lyddesign, slik som fiselydar og eksplosjonar, og musikk. Etter kvart har han skrive musikk til heile 200 lydbøker. Dette i tillegg til at han underviser på musikklinja ved Stavanger Katedralskole.

Eivinn Arne skrikande i scenelys med gitar. Foto: foto.samfundet.no

Så spelar han eigen musikk, i banda Sorgen og Omegn. Sjølv skildrar han Sorgen som rolsete rock og Omegn som spagetti western-musikk. Singel av sistnemnde band er ute og nytt album på veg.

– I Sorgen skulle me eigentleg berre teste litt mikrofonar under musikkproduksjonstudiet, men det vart så kjekt å spele saman at me fort gløymte dei mikrofonane.

Vidare fortel Eivinn Arne at Omegn ennå har til gode å spele sin fyrste konsert.

Ingen problem, me veit nemleg at scenen på ei viss øy står klar. Kanskje er tida inne for at Byassane må hive seg på bussen igjen.