Riksantikvaren har bestemt at bedehuset Bethel skal fredast
Bedehuset Bethel på Finnøy er det eldste gjenverande bedehuset i Ryfylke, og nå har Riksantikvaren bestemt at bedehuset skal fredast.
FINNØY: -Det var ei veldig god melding for helga, seier Øyvind Malmin, rådgjevar for nyare tids kulturminner i Rogaland fylkeskommune.
Ifølge Malmin har fylkeskommunen foreslått overfor Riksantikvaren at bygget bør bli freda.
-Me har sent over dokumentasjon, bilete og tilstandsvurdering, og håpa på eit snarleg svar. Og det fekk me fredag, opplyser Malmin.
-Kvifor skal Bethel fredast?
-Det er i første rekkje eit veldig flott bygg, og ein flott representant for bedehuskulturen både på Finnøy i Rogaland og landet elles. Det er også eit monument over kristendommen si utvikling i landet, og lekmannsrøsla som utvikla seg på Sør-Vestlandet og Finnøy spesielt.
Strengt vern
Dessutan spelte Lars Oftedal, som i seg sjølv er ein svært interessant figur, ei viktig rolle i bygginga av Bethel, seier Øyvind Malmin.
Bedehuset på Finnøy er bygd i 1878. Lars Oftedal sto for bygginga og bedehuset var tenkt som regionbedehus for heile Ryfylke.
Tysdag 25. april kjem Malmin til årsmøtet i Bethel for å orientera om frednings-prosessen.
-Kva vil det bety for Bethel at bygget blir freda?
-Det er det strengaste vernet me har, og det betyr at bygget har ein nasjonal verdi. I gjennomsnitt blir det bare freda eit bygg i året i Rogaland, så dette er spesielt.
Bygget blir sikra
-Det vil bety at bygget blir sikra for framtida til glede for folk både på Finnøy og elles i landet. Dessutan er det gode muligheter til å få tilskot til bygget, men alle endringar som skal gjerast må avklarast med fylkeskommunen, seier Malmin, som understrekar at fylket har hatt ein god dialog med styret i Bethel.
-Det er både vårt og deira ynskje at Bethel fortsatt skal fungera som bedehus, også i framtida.