Bar, bildeinnramming m/ passe-partout og pommes frites med béarnaise
Saknar du røykerommet på ferja? Kanskje ikkje, men kva med å tusle ned til kafeen, bestille deg ein pommes frites med ost medan biletrama di vert fiksa? Det høyrest jo ganske fint ut.
RENNESØY: Trekkspelkongen, Stian Carstensen, har laga ein song som heiter «Moss, fisk og sexleketøy».
Tittelen er namnet på ein butikk i Moss og songen handlar om lokale utsals-stadar med spesielle salskombinasjonar. Typisk for småstader er nemleg at ein på ein og same butikk kan finne totalt ulike produkt.
Kombinasjonen fisk og sex-leiketøy er nok i det sjeldnaste laget, men i vår kommune fanst ikkje ringare enn Sokn bar kiosk video bildeinnramming m/ passepartout Rep./sliping av plenklippere.
Vågen video, rammeverkstad og moviebox
Det er logisk at ein liten stad kan dra nytte av å samle fleire nisjar under eitt tak, og Vikevåg var ikkje ringare. Her kunne ein på 1980 og 90-talet nemleg finne Vågen, video og rammeverksted.
Det er tydeleg at ramme-bransjen var i vinden på den tida, då både Sokn og
Vikevåg gjekk for same tema. Inne i den koselege sjappa kunne du altså fikse ei sprukken ramme i mens du vandra rundt i hyllene blant romantisk komediar og skrekk.
Det gjorde heller ikkje noko om du kom frå ein heim utan VHS-spelar. For om lag 50 kroner kunne du låne ein eigen Moviebox. Boksen var ein hendig robust sak, som gjorde at du kunne spele av VHSar heime på fjernsynet ditt.
Denne boksen var med på å revolusjonere heile videobransjen. I 1985 var faktisk halvparten av dei 20 millionane utleigde videoane i Noreg, gjort i kombinasjon med ein Moviebox. Det var ikkje før på slutten av 1980-talet at folk flest hadde eigen VHS-spelarar.
På «Videoen» var det slik at dei nyaste VHSane kosta meir å leige. Men det vart billigare viss du leigde fleire filmar på ein gong. Viss du hadde bestemt deg for Politiskulen 1, kunne du like gjerne ta med deg 2en og 6en også.
Dagen derpå då leigetida nærma seg slutten, og du berre hadde sett to av tre filmar, hadde du likevel ikkje noko val. Du måtte igjen ned i kjellarstova for pløye gjennom Politiskolen 6 óg, dette kanskje berre minuttar før fristen var
ute. For å levere ein film usett, det var idioti.
Pommes frites med béarnaise
Mortavika kiosk og kafeteria hadde verken rammer eller plenklypparar, men derimot alt det ein ekte ferjekafe skulle ha.
I «Mortavigå» var på 1990-talet sundagane som gjaldt. Dersom du klarte å lokke foreldra med ut på ein biffsnadder, var stemninga god. Løvbiff, ein slags syltynn hamburgar, med pommes frites var eit anna alternativ. Det var stort sett sameining om at slik mat var godt «inni mydlå».
Til dessert kunne ein ta seg ein soft-is, mens ein vandra rundt og studerte
ferjene.
På sundags kveldane var det rånarane som tok over staden. Klokka halv åtte kom «Halvåtta-klubben» i «tåffler». Tidlegare tilsette på Mortavika kan melde om at denne gjengen likte aller best klassikaren pommes frites med béarnaise, eller ost, eller begge deler (?) - noko betre fanst ikkje mot bakrus.
På internett kan du ennå finne delte erfaringar om kafeen i Mortavika. Ein turist i 2019 skreiv dette om kafeen: «Nice and cozy. You can get everything you need while waiting for the ferry».
Ikkje mindre enn ein perfekt vurdering der faktisk. Mortavika serverte nemleg
akkurat som var forventa. Til glede for dei trufaste, til forarging for helsefrikane.
Havnegrillen
Østhusvikbuen har gjennom tidene vore heldigare med tilboda enn oss i Vikevåg, dersom ein ser vekk i frå «Videoen» då. Til dømes hadde dei kiosken på ferjekaien på Hanasand, i tillegg til dette hadde dei Havnegrillen, og den dag i dag har dei faktisk heile to stadar ein kan gå å ta seg eit glas, Sjøberg ferie og Fjordbris.
Det var misunning lang veg på dei barna som fekk ete kvardagsmiddagen sin Havnegrillen.
Her kunne ein nyte både pommes frites og hamburgar, men her fanst óg kule-is og eit ekte analogt flipperspel. Og dersom det ikkje var nok ost på «pommfrien» her, kunne dei berre ta 9,9-hestaren og kose seg med smågodt på kaien på Hanasand.
Tunell er praktisk, men kafeane på ferjekaiane var eit høgdepunkt, omtrent like bra var sjølve ferja med ostepølser, pengeautomatar og røykerom. Dei to sistnemnte er av naturlege grunnar ikkje tilgjengelege lenger, men ostepølsa kan ein ennå få tak i.
«Namnlause» stadar
Kva er det så som kjenneteiknar det perfekte kafeen eller gatekjøkkenet? Er det Diplom-is jenta utanfor og frityrlukta innanfor, er det gamle menn som tippar på hest, eller er det faktisk den kulinariske opplevinga av smelta ost over pommes frites?
Og kan det eigentleg kallas gatekjøkken på ein stad som ikkje har gater, men vegar. Spesielt for eit ekte gatekjøkken er i alle fall at det fulle namnet aldri blir brukt, berre kallenamnet.
Det kan vere kafeen, videoen, grillen, kiosken eller liknande. Å få eit slikt
kallenamn er eit kvalitetsteikn. For personen som snakkar betyr dette at det berre finst ein kafé eller ei videosjappe, noko meir presisering trengs ikkje.
Ein ekstra bonus er det dersom staden også har ein eller annan ekstra-nisje, som handlar om alt anna enn resten av tema i butikken. At kafeen heng fast i ein daglegvarebutikk eller eit kjøpesenter tel ikkje, det må vere noko rart.
Faktisk var denne måten å kombinere nisjar på óg eit slags frampeik på konsept-butikkane du nå kan finne på Grünerløkka med klede, «coffee table»-bøker og hipsterkaffi.
Nytt konsept?
I Vikevåg er det forresten ny sentrumsplan på gang. Me skal vel ikkje gå for eit klassisk gatekjøkken igjen, dessutan har me Amos pizza. Poenget her er vel heller at me må få til litt gatekjøkkenstemning, då utan pengeautomatar og røykehjørne.
Kanskje øyane skal få ein heilt ny konseptbutikk? Kva med sushi, sparkel og skruar? Eller krabbe, halvt horn med ost og skinka og rammeverkstad?
Maren Bø