Miniskutene frå Finnøy gøymde eit menneskleg drama

Svein Nordbø og Geir Landa er på bedding med ei ny bok om miniskutene som blei produsert i Soltun på Finnøy. Bak dei vakre byggverka skjuler det seg eit stort, menneskleg drama.

Geir Landa (t.v.) og Svein Nordbø med prøvetrykket av boka som det går an å bestilla hos dei.
Publisert: Publisert:
«Werdensfjord» er full av artige detlajar. Eigar er Kåre Nordbø.

FINNØY: Det har vore litt av eit detektivarbeid, både å finna fram til mannen som laga dei utruleg detlajrike skutene, og å oppspora miniskipa som havna rundt om i bygdene - dei fleste på Finnøy.

-Det har vore eit veldig interessant arbeid, seier Svein Nordbø og Geir Landa, som har klart å spora opp over 50 av skutene. 32 er tatt bilete av og samla mellom to permar i boka som nå blir til sals.

-Folk kan bestilla boka hos oss, seier dei to skattejegrane.

Torleif V flyt upåklageleg på vatnet.

Stor detaljrikdom

Det er Geir Landa som har tatt bileta av dei forseggjorde skutene, som viser dei i all sin prakt og detaljrikdom. Svein Nordbø har klart å spora opp historia til båtbyggjaren: Peder Berner Pedersen som budde hos Oskar og Ingeborg Landa frå 1952 til 1956.

Ekteparet Landa dreiv ein heim for menn med psykiske vanskar på vestsida av Finnøy, som seinare blei heitande Soltun.

Peder Berner Pedersen var fødd på øya Røvær utanfor Haugesund, og livet hans rommar eit drama som dei fleste ville vore forrutan. Faren drukna då Peder bare var eitt år gammal, på veg frå ei gravferd. Ein tredjedel av befolkningen på Røvær drukna då i eit forrykande uvær.

Men Peder vaks til, blei utlærd snekkar, og jobba både som fiskar heime på Røvær og som kjøtskjerar om bord i kvalkokeriet «Suderøy», eigd av Knut Knutsen OAS i Haugesund.

Detaljar frå ei av skutene.

Fullasta med verdifull kvalolje

Vinteren 1940 var «Suderøy» på veg frå Sørishavet fullasta med kvalolje då nazi-tyskland overfall Norge.

Beskjeden var først å gå til Finnmark, som ikkje var okkupert, men det blei seinare endra til at båten blei kommandert til New Orleans kor han blei liggjande ei god stund.

Seinare mønstra Peder på ein Panama-registrert lastebåt som farta rundt i Karibien med krigsmateriell, innleig av den amerikanske marinen. Det kunne vera ein ganske riskofyllt rute, for etter det japanske overfaller på Pearl Habour, erklærte nazi-tyskland krig mot USA, og tyske ubåtar jakta på skip langs den amerikanske austkysten. Dessutan var han også involvert i konvoitrafikk over Atlanteren til England, også der med krigsmateriell.

-Peder har nok sett nok av krigshandlingar til at noko skjedde med han. På slutten av tida si i USA hadde han i tillegg vanskeleg med å få jobb, noko som også sleit på han, seier Svein Nordbø.

Det gjekk heile 11 år før han kunne venda nasen heim igjen til kone og to barn i Haugesund. I mellomtida hadde han vore innlagt på ein pyskiatrisk institusjon på Ellis Island i New York med diagnosen schizofreni, før han blei send heim.

Seglskutene var utstyrt med tauvverk og ørsmå treblokker.

Blei lobotomert

Det var ein høgrøysta og litt uroleg kar som kom heim, og som seinare blei sendt til Gaustad sjukehus. På 40- og 50-talet var lobotomering ein hyppig brukt metode for å roa ned pasientar med ei rekke psykiske sjukdommar.

I Norge skal 2500–3000 pasientar ha blitt lobotomert. I løpet av 1950-åra avtok bruken av metoden som terapi, og den siste lobotomeringa skal ha funne stad i 1974.

Sjølv om kona til Peder stritta i mot, blei ho sett under betydeleg press av sjukehuset, og ga til slutt etter. Peder Berner Pedersen blei lobotomert. Heile tida ville han heim, men etter operasjonen var det uråd for han å vera heime. I staden blei han først sendt til garden til søstera på Sørlandet, før han truleg kom via Dale til Oskar og Ingeborg Landa på Finnøy.

Oskar og Ingeborg Landa stelte godt med den nye pasienten sin, og ga han alt mogleg utsyr som han kunne bruka til å laga miniskutene sine.

«Han som har bygd båtane må ha hatt stor kjennskap til mange typar fartøy og riggar. Og ein svært stor sans for detaljar», skriv Svein Nordbø i forordet til boka «Han som laga dei små båtane».

Heimen som Oskar og Ingeborg Landa dreiv på vestsida av Finnøy. Den heiter i dag Soltun, og på det meste var det 32 pasientar her.

Mange av skutene er tatt vare på

Det er tatt med bilete av 32 skuter i boka, og alle skutene, med unnatak av ei er laga av ein uthola og tilhoggen stokk. Dekk blei lagd på, og ofte med lasteluker. Alle båtane er utstyrt med blykjøl, som gjorde at dei flaut fint.

Det blir fotalt at han rodde frå vestsida av Finnøy til Judaberg med ei heil horg med båtar på slep etter robåten, for å sjå at dei flaut fint i vatnet. Storsteilet hadde som regel innsydde revtampar, og seila har tauverk slik at dei kunne heisast opp eller leggjast på dekk. Seilskutene har ørsmå treblokker som på verkelege skuter. Ytterst på bommen var det som regel ei anordning for reving av seil.

«Werdensfjord», som er ein litt større laste- og passasjerbåt, er full av små detaljar. Dører og luker er hengsla , det er leider ned i lasterommet og luftekanalar i mastene. Båten har støypt anker som er ledda som eit patentanker. Den har også tre stjerner som rederilogo på skorsteinen, og skorsteinen er bardunert til dekket. Livbåtane har lerretsduk/presenninmg over seg», skriv Nordbø i boka.

«Nokre av båtane er nok leika med og reparerte i nyare tid og nokre treng restaurering . Men allikevel er det mange båtar som er tatt vare på 70 år etter at dei blei laga og viser kor flotte og viktige dei var for dei som fekk dei», avsluttar Svein Nordbø

Peder Berner Pedersen fekk hjelp til å søkja seg bort frå Finnøy, men blei send til Dale psykiatriske sjukehus i Sandnes, kor han mistreivst svært. Via ein omveg kom han til slutt til Haugesund, kor han budde på 1960-talet på ein heim som saniteten dreiv i Føresfjorden. Då fekk han det friare og fekk styra seg sjølv. Peder Berner Pedersen døydde 19. oktober 1972.