Askjeløpet søker deltakarar

I morgon, fredag, er det duka for eit særs uformelt løp som passar for folk flest uansett form og ferdigheitsnivå.

Her er dei klare til start, heile familien: F.v Kristian, Nanny, Alexander, Celina, Greta, Julie, Narve og Kasper. Frå fjorårets løp.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

Du kan køyra hardt og gå for seier, eller ta det rolegare og få ein kjekk dag saman med familien. Det viktigaste her er ikkje å vinna, men å delta.

Og det er nettopp her skoen trykker. Rekruttering av nye deltakarar har vist seg å vera litt utfordrande for arrangøren.

Askjeløpet blei etablert i fjor, og no ønskjer arrangøren å få med fleire på laget slik at dette kan blil ein årviss sommartradisjon.

Løp med «bankett»

– I fjor hadde me ein ambisjon om å få med fem personar utanom familie og vener, men det gjekk ikkje. Det var éin som melde seg på, men han møtte ikkje til start. Difor legg me lista litt lågare i år og satsar på å få med tre nye. Me lovar dei skal bli tatt godt imot, og bli gjort litt ekstra stas på. Etter løpet blir det «ståande bankett» med forfriskingar og litt å bita i, seier primus motor for Askjeløpet, Kristian Hestmann.

Kristian bur i Oslo saman med kone og to barn. Kvart år ferierer dei på Askje i barndomsheimen til svigerfar Magnor Aske. Det var i fjor ideen om Askjeløpet kom opp.

Premiar til alle

– Eg har alltid likt å springa, og tenkte kanskje det kunne vore kjekt å laga eit litt utvida familieprosjekt av joggeturen. Dermed blei tanke til handling og det første Askjeløpet blei arrangert i fjor sommar, men då som eit reint famileløp med 11 deltakarar. Nå vil me svært gjere ha med fleire.

Klokka 1000 går startskotet ved innkøyringa til Askjeveien 170. Løypa er fem kilometer, men ikkje spesielt krevjande, og går forbi barnehagen på Skorpefjell og tilbake til Kiwien. Påmelding fram til kl. 0959. Arrangementet er gratis og venta å ta to timar med løp, mat, drøs og premieutdeling.

Då går oppmodinga til alle joggeglade fastbuande, turistar og feriefolk om å finna fram joggeskoa og stilla på Askje i morgon. Det blir garantert eit løp utanom det vanlege.

Sjekk facbooksida Askjeløpet 2023.

Publisert: