På sporet av Harald Hårfagre

I år er det 1150 år siden Harald Hårfagre blei Norges fyrste konge. No skal slaget Hafrsfjord i 872 markerast.

Slaget i Hafrsfjord, slik kunstnaren såg det.
  • Oddbjørg M. Måland
Publisert: Publisert:

STAVANGER: Ifølgje sagaen blei det endelege slaget om kontroll over Nordvegen utkjempa i Hafrsfjord, og
seierherren Harald Hårfagre befesta sin maktposisjon i området med kongsgardar på Utstein og
Avaldsnes. Herfrå veks kongeriket Nordvegen og blei etter kvart til Norge. Rikssamlingsjubileet i Rogaland skal feira hendinga med blant anna 10 vikingskip på ei 11 dagars lang jubileumsferd frå riksmonumentet Haraldshaugen i Haugesund til Hafrsfjord i sør.

Ein viktig del av rikssamlingsjubileets målsetting at me alle skal auka kunnskapen om vikingtida og
norsk historie i løpet av jubileumsåret.
På kommunen sine sider kan du sjekka eigne kunnskapar ved ein uhøgtidleg og anonym test. Har du lyst kan du bli med i Skrivekonkurransen; 100 tegn i stein.
Her får og du ei innføring i å rissa tekst inn i stein slik vikingane gjorde på sine runesteinar.

Alt du treng å vita om jubileet og program finn du på kommunen sine sider.
Her er reiseruta:
9. juni, Haugesund
10.–13. juni, Avaldsnes

  1. Rogaland