RENNESØY: Det majestetiske sjøhuset, som har vore brukt til sildealteri, fekk prisen i konkurranse med eit sjøhus på Ormøy og ei sjøhusrekke i Stavanger sentrum.

Sildesalteriet er på mange måtar "innganmgsporten" til Bru, og blei bygd av den kjende haugianaren Daniel Danielsen rundt 1850 med ein integrert bustad kor han budde så lenge han dreiv garden på øya.

Sildesalteriet er utført i grind- og bindingsverkkonstruksjon og er eit sjøhus utan sidestykke i området, heiter det i vurderinga av bygningen. Bygningen er eit minne om ei viktig næring på slutten av 1800-tallet, og utgjer ein del av eit miljø ved havna på Bru.

Det kvite er bustadhus-delen av salteriet. Her bur det fortsatt folk. Foto: Stavanger kommune

Det ein gang så stolte bygget stod til nedfalls då eigarane, Andres Sørbø og Anders Sørbø, begynte det møysommelege arbeidet med å setja i stand sjøhuset for rundt 15 år sidan. Fronten blei jekka opp, råtne stokkar og taksperr blei erstatta. Eigarane samla rundt 10.000 gamle sandnespanner før taket igjen blei lagt med tegl etter å ha stått med eternittplater sidan 50-tallet.

Andres’ sønn, Karl Magne Sørbø, bur i dag i bustaddelen av salteriet. Som liten var han sjølv med på å barka tømmeret som blei brukt i restaureringa. Utanom bustaddelen fungerer bygningen i dag som lager for fiskeutstyr, kaiplass, lager og oppbevaring av både eldre og nyare båtar, pluss at den lokale barnehagen låner eit areal. På loftet er det langbord og mulighet for sosiale samankomstar.