Frimenn på konsert-turne i Finnøy
På grunn av pandemien kjem mannskoret frå Jæren til Finnøy to år etter planen. Til gjengjeld lovar dei god stemning og ei minnerik musikalsk oppleving.
- Oddbjørg Måland
FINNØY: På Fogn blir det sightseeing og middag før konserten.
– Me hadde ikkje lyst å laga eit kor for bedehusfolk eller andre som hadde klippekort i kyrkje eller bedehus. Me ville prøva noko nytt, eit kor med stor bredde i song og musikk, og med godt vaksne menn frå ulike kulturar på Jæren, seier bassist Kjell Særheim.
Nålauge
Med det utgangspunktet blei mannskoret Frimenn etablert på Bryne i 2002. Idag består koret av 30 samansveiste mannfolk frå Klepp, Time og Hå, samt èin frå Stavanger. Når det gjeld rekruttering av nye medlemmar skjer det berre ved naturlig bortgang.
– Me har det så gildt at ingen vil ut av koret frivillig.
Sidan oppstarten har koret reist land og strand og synge seg inn i godt vaksne hjerter med velkjente songar i typisk musikklagstil. For det meste føregår konsertane i kyrkjer og bedehus. Noko også repatoaret ber preg av.
Alt frå Vamp til Det er makt i dei foldede hender til Vamp står på programmet.
– Målet er å ha songar som er såpass kjente at folk kan synga med. Me er ikkje så opptekne av notekunnskap eller stemmeøving. Men me er såpass stødige at me får til dei lyse tonane i sangane til Kurt Foss og Reidar Bø.
Det musikalske fundament er trekkspel og bass, i tillegg til banjo.
– Dette er eit lite brukt intstrument på Jæren, så mange er særs begreistra for akkurat denne musikalske vrien, fortel Særheim.
I tillegg til korsong blir det framføring av Torvald Thu si forteljing, Nils e i go`laget.
Ingvars Reiser kjem med full buss til konserten på Fogn.