Brit Idsø (f.v.), Tor Øyvind Skeiseid og Hjørdis Halleland Mikalsen deltok på synfaringa her på Nordre Vignes, snart Jerusalem. Foto: Silje Talgø Klakegg

Vêret viste seg frå ei god side då Øyposten trefte påskevandringskomitéen på Nordre Vignes ein søndag ettermiddag.

Søndagsskulen skal også i år framføre påskebodskapen på tur i marka – og tradisjonen tru, vil det bli grilling i Apalvika etter påskespelet.

– Dette blir kjekt, meiner sjefen sjølv, Tor Øyvind Skeiseid:

– I fjor kom heile 1400 menneske til Nordre Vignes for å sjå Søndagsskulen på Finnøy syne kva som hende påskedagane. 1400 menneske er mykje bil. Derfor er det sett inn ekstra parkeringsvakter, og det er veldig viktig at bilistar høyrer på desse. Slik kan me få plass til alle som vil sjå spelet vårt.

Mykje å tenkje på

Alt frå parkering til toalettfasilitetar, skodespel og song må planleggjast.

– I det treet skal Aslak Bråtveit sitje. Han speler Sakkeus, fortel Skeiseid medan han peikar ut eit tre langs løypa.

Terrenget er lett kupert og mogleg for dei fleste å gå i. Heile løypa er eit par kilometer lang, og er du redd for å gå deg vill, er det berre å følgje etter dei andre.

– Publikum sendast ut i grupper kvar sjuande minutt, seier Hjørdis Halleland Mikalsen som også er med i komitéen:

– På dei ulike postane, syner skodespelet kva som skjedde ein dag i påsken. Skodespelarane er søndagsskuleelevane som anten er aktive no, eller som har vore aktive tidlegare, men også vaksne som har vore involvert i søndagsskulen over mange år. Me har med oss ein prest, og i år er det Ola Aasland Vold som har fått lov til å vere med i spelet.

Skeiseid peikar utover ei mark.

– Denne staden skal me gjere om til Jerusalem i påsken, seier han.

Små endringar

Kostyme er handla inn og tekstar er justert på. Sjølve handlinga er av naturlege grunnar den same kvart år, men Skeiseid fortel at dei gjer mindre endringar i spelet frå år til år.

– Nokre gonger ser me at noko kunne vore gjort på ein enda betre måte, og det endrar med kanskje litt på scena. Andre gonger blir heile scenar bytta ut med ei anna hending. Det varierer litt, men sjølv om påskebodskapen er den same kvart år, kan det vere enkelte endringar i spelet, fortel han. Til dømes vil startområdet vere ein annan stad enn tidlegare år.

Han set i gang med å forklare resten av komitéen korleis den nye scena på marka vil sjå ut.

– Eg skreiv denne ferdig i dag, og eg fraus på ryggen, seier han.

Halleland Mikalsen legg til at ho har snakka med skodespelarar i påskevandringa som sjølv har blitt rørt av spelet.

– Me speler jo noko som betyr noko for oss, meiner Arne Madland, som også er medlem i komitéen.

Dersom stemninga under påskevandringa blir like god som den var under komitéselfien, har me mykje å glede oss til. Foto: Silje Talgø Klakegg

17. gong

Dette blir den 17. påskevandringa arrangert av søndagsskulen på Finnøy.

– Me starta opp i 2006, fortel Halleland Mikalsen:

– Den gongen var det rundt 50 vener og kjende som deltok. Det har vore ei utruleg vekst sidan den gongen. No er påskevandringa det nest største arrangementet i Finnøy kommunedel. Berre Tomatfestivalen er større.

Det er gratis å delta på påskevandringa, men søndagsskulen legg til rette for at dei som vil, kan gje dei ei gåve. Elles må folk hugse å ta med grillmat viss dei vil delta på grillinga i Apalvika etter påskevandringa som vil finne stad på palmesøndag.

Kjem ein sørfrå, blir det anbefalt å køyre om rundkøyringa og Leikvoll, sidan det fort blir trongt om plassen over Kyrkjeskaret. Det er usikkert om vegen om Kvitevik er opna att innan påsken.