Søndag 3. desember blir det opne butikkar og julegrantenning i øyane.

– Eg serverer nysteikte bollar, gongkake og varm sjokolade frå klokka 14 til 18, seier Tove Rosland i Kaihuset på Judaberg.

Ho har i fleire år vore ei av drivkreftene for å ha ei markering av første søndag i advent på Finnøy, og i år blir det mykje som skjer. Butikkane i sentrum held ope, og frå klokka 16.30 blir det seremoni rundt julegrana oppe ved innbyggartorget. Finnøy musikkorps spelar, varaordførar Henrik Halleland held ein appel og nissen kjem venteleg med traktor frå Hauskje.

Erling Halsne frå utemiljøetaten justerer vinkelen på juletreet utanfor innbyggartorget på Finnøy. Tysdag kom edelgran frå Harald Fauskanger på Rennesøy på plass både på Judaberg og i Vikevåg. Foto: Sigbjørn Høidalen

I Vikevåg tennast grana søndag klokka 17.00. Korpset spelar, leiar Tor Bernhard Harestad i kommunedelsutvalet held ein tale og nissen deler ut godteposar utanfor Meieriet. Klokka 18.00 blir det felles julegraut og hygge inne i kulturhuset.

I Østhusvik arrangerer dei julegrantenning laurdag for å unngå kollisjon med Vikevåg.