Ståle Halsne frå Helgøy Skyssbåt fekk prisen.

– Me gratulerer Helgøy Skyssbåt med Merkevareprisen Ryfylke 2021, skriv Tor Øyvind Skeiseid i Ryfylkealliansen i ei pressmelding.,

Ståle Halsne tok imot prisen på vegne av Helgøy Skyssbåt på Arena Ryfylke-samlinga på Hjelmeland.

– Verksemda som får prisen er tydeleg forankra i Ryfylke. Frå ein spe start for vel 40 år sidan, er familiebedrifta blitt ei av dei mest kjende verksemdene i vår region. Ja, denne gjengen tar heile Ryfylke i bruk. Helgøy Skyssbåt er mildt sagt synleg over alt i Ryfylke. Båtane går dagleg i rutetrafikk, sightseeing og på andre oppdrag, skriv styreleiar i Ryfylkealliansen, Helge Kjellevold, i grunngjevinga.

Nå er både andre og tredje generasjon Helgøy involvert i bedrifta. Og verksemda gir arbeid til mange ryfylkingar, både i og utanfor familien og i og utanfor Helgøy, skriv han vidare.

Bedrifta får heider og ære, eit flott diplom, samt eit vandretrofe som er laga av Glasskjellaren i Bjørheimsbygd.