Vegard Eggebø i studio for å spilla inn podkasten.|Det har skapt stort engasjement med både kjende og ukjende lokalhistoriar.

FINNØY:

Det heile starta med at Vegard (25) og Ruben Eggebø (24) besøkte venner i sommar. Der blei det nemleg god stemning då gjengen byrja å diskutere Finnøy.,

− Me diskuterte ting som «Kva er typisk for Finnøy? Og kva er det alle Finnøybuer kjenner seg igjen i og kan referere til, som me ikkje deler med andre liknande bygdesamfunn?». Dei var faktisk overraskende vanskelig å svara på i byrjinga. Men etter ei stund satt me igjen med nokre fantastisk morsomme historier, vitser, ord og uttrykk som alle i rommet måtte dra på smilebandet av, fortel Vegard Eggebø.

Der og då blei dei difor einige om at dei burde vera flinkare til å snakka om ting dei alle omgir seg med kvar dag, og som finnøybuen kan kjenna seg igjen i.

Ein podkast blei skapt, og namnet blei passande nok «Finnøypodden 4160».

«Googla» seg fram

− Etter å ha laga første episode i sommar, fekk me meirsmak for den lune humoren podkasten er tufta på, og det kom også masse kjekk respons frå lyttarar. Difor har me fortsatt å dykke djupare i kva som gjer Finnøy til Finnøy, og koser oss med det, seier Vegard.

Til dagleg jobbar han som lærar på ein folkehøgskule på Flisa, mellom Elverum og Kongsvinger. Medan Ruben, som nettopp er ferdig med ei masteroppgave, nyleg har starta eit e-sportselskap han kallar «Haven».

Podkasten blir blant anna publisert på strømmekjempen Spotify. Ein skulle kanskje tru at søskenbarna har tidlegare erfaring med å laga podkast, men det har dei ikkje.

− Me har «googla» oss fram til det meste. Lydutstyret på skulen her er ganske bra, og eg får låne eit eget studio til det. Dei siste episodane har me spelt inn over nett, noko som fører til litt større utfordringar med tanke på lyd. Men det meste kan redigeras. Det er for øvrig det som tek lengst tid, forklarer 25-åringen.

Dei prøver seg rett og slett ut, og hittil har dei kome med sju episodar.

− Som så mykje anna, blir podden produsert etter det godt brukte uttrykket «me ser». Generelt sett er det episodar omtrent kvar andre uke, men, me ser. Episodene pleier å komma når folk minst forventar det, men akkurat i tide, seier Eggebø lurt.

God respons

Responsen på amatørpodden deira har vore overveldande positiv, konstaterer søskenbarna.

− Me har fått utrulig mange kjekke tilbakemeldingar frå folk som set pris på å høyre folk snakke om ting dei kjenner seg såpass igjen i. Ettersom det har vore særdeles få podkastar om Finnøy, er det nok ei spesiell kjensle å høyre folk snakka om «Kålkaien» og Nådedalen på Spotify.

Dei får også tilsendt både bilder og videoar frå folk som kosar seg med å høyre på podden medan dei er på jobb eller køyrer bil.

Det har skapt stort engasjement med både kjende og ukjende lokalhistoriar. Foto: FOTO: Skjermdump/Spotify

− Det er utrulig kjekt for oss å tenkje på, seier Eggebø.

Dei har sett seg som mål at podden skal treffe alle på Finnøy, ikkje bare dei som dei er best kjend med frå før av.

− Ekstra gledeleg er det at det også er svært mange utanfor vår gjeng som har funne podden. Det er muligens Norges «smalaste» podkast med tanke på publikum, så den vil nok aldri komma på topp ti-lista her. Men me kan jo i det minste bidra til økt trivsel blant alle rundt oss i det daglege.

Folk har sett pris på å få høyre om ting dei ikkje visste eksisterte, eller som var meir interessant enn dei først hadde sett for seg.

− Det er vanskeleg å sei kva som har fått best respons, men saka om kva for eit smør det blei brukt i heideveggane på Coopen, har tydeleg vekka både harme og interesse. Historien om væraringen, dei legendariske væranamna og soga om «Osama bin Ladstein» har nok også ført til eit par smil.

− Ellers trur eg dei som klarte å holda følge i konspirasjonsepisoden om Rygjabø, fekk seg ei reise av dei sjeldne, fortel 25-åringen.

1600 avspelingar

Dei veit ikkje heilt kor mange lytterar dei har, men veit at det auker i følgarar både på Facebook-sida og Instagramprofilen til podden.

− Etter kritikk om manglande Facebookside har me nå også oppretta det. Men totale avspelingar på Spotify og Apple podcast er rundt 1600 til nå, for episode 6, seier han.

Dei ønskjer å videreutvikla podkasten og vil introdusera stadig nye konsept og tema.

− Enkelte i 4160-redaksjonen er nok skadd av umåtelig høge ambisjonsnivå, så det blir utrulig kjekt å sjå kva me kan få til saman med lytterane, og framtidige samarbeidspartnerar. Det blir muligens storslått julekalender saman med diverse sponsorar. Og så har me starta på ein visjon om å samla folk ein kveld, for å feira alt det lune som finnes i Finnøy, frå både fortid, nåtid og framtid. Me kjem ikkje til å mangla kjekke ting å finna på, og håper at lyttarane gler seg like mykje som oss.