– Eg blåser liv igjen i Blodig alvor i samarbeid med Fjordbris hotell, seier Simen Ingemundsen.

Sidan 2018 har han arrangert ein krimfestival i Randaberg som blant anna har delt ut krimprisen Sølvkniven. Nå flyttar han festivalen til Østhusvik på Rennesøy.

Festivaldatoen er sett til fredag 15. mars 2024.

– Det blir ein kriminell aften med bokbad, prisutdeling og drøs, seier Ingemundsen.

Han har tidlegare i år stått bak to quiz-kveldar på Fjordbris. Med krimfestival tek han det heile eit par steg opp.

Fleire av landets fremste krimforfattarar har vore innom festivalen sidan starten. I fjor heldt Ingemundsen på å gjere eit skup med å få den spiondømde Arne Treholt på plakaten. Foredraget måtte avlysast på grunn av helsa til Treholt.

– Eg er stolt over å ha med Marianne og kompani på Fjordbris med på laget. At dei tar imot krimlitteratur er stort, seier Ingemundsen.

Marianne Vilhelmine Andreassen er dagleg leiar for Fjordbris hotell.

Simen Ingemundsen er til dagleg journalist i nettavisa Randaberg 24 og ein sjølverklært boknerd.